Pleie og omsorg - Korttidsplass/Rehabilitering i institusjon

Beskriving

Det er Eid Sjukeheim som har hovudtyngda av korttids- og avlastingsplassar i Eid kommune.

Vilkår

  • Personar som i ei periode har behov for døgnkontinuerlig pleie og rehabilitering. Samt alvorleg sjuke og døyande pasientar som kan få tilstrekkeleg pleie og omsorg i heimen.
  • Kontakt/søknad via heimesjukepleien, legen, heimen eller sjukehuset

Krav til dokumentasjon

Det må søkjast skriftleg.

Behandlingstid

Søknaden vert handsama fortløpande, og seinast innan 3 veker. Ved mangel på ledig rom, vil søkjar motta foreløpig melding. Søknaden vert vurdert etter behov, og ikkje kor lenge du har stått på liste.

Kvalitetsmål

1. Få tilbake funksjonsevna. 2. Optimal pleie til døyande og sjuke 3. Gjere pasienten i stand til å komme heim.

Aviks hand

Alle vedtak kan påklagast. Klagefristen er 3 veker. Dersom søkjar ikkje får medhald, vert saka lagt fram for klientutvalet og evt. oversendt fylkeslegen for handsaming.

Heimel

Lov om helsetjenester i kommunene §§ 1-3 og 2-1

Søknad

Søknadsskjema får ein ved servicekontoret i kommunen.  Du finn det også på kommunen sine heimesider.

Vurdering

Inntaksteamet i kommunen vurderer innkomne søknadar.

Kostnad

Kr. 125,- pr. døgn i inntil 60 døgn pr. kalenderår(2010).  Ved korttidsopphald ut over 60 døgn pr. kalenderår, vert å betale som for langtidsopphald.

Varighet

Korttidsopphald vert tildelt for tidsavgrensa periode. Det kan vere aktuelt med fleire korttidsopphald pr. kalenderår.

Sist endra 31.01.2013
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering