Reguleringsplan

Vi brukar reguleringsplan til å styre utviklinga i eit område.

Korleis du kan bruke, bygge og utforme eit område avheng av føringane gitt i reguleringsplanen. I område utan reguleringsplan er det kommuneplanen sin arealdel som gjeld.

 

Det er plankartet og føresegnene som styrer kva nye tiltak vi kan tillate. Sjekk om ditt tiltak er i tråd med planane for området. I nokon tilfelle vil vi stille krav om at det vert utarbeidd detaljreguleringsplan.

Du har rett til å fremme forslag til detaljregulering. Det kan vere aktuelt dersom du:

  • ynskjer å utvikle eit område som ikkje ligg i reguleringsplan.
  • ynskjer ei utvikling som ikkje er i tråd med gjeldande reguleringsplan.

 

Du må nytte nokon med særskilt kunnskap om reguleringsplanarbeid til å gjennomføre prosessen og utarbeide planforslaget.

 

Reguleringsplanprosess frå sidelinja:

Når vi utarbeider nye reguleringsplanar kan du følge med på planprosessen. Du har også mogelegheit til å påverke innhaldet i nye reguleringsplanar ved å delta i prosessen før vedtak.

Det er viktig at du deltek med dine meiningar om kva som burde ligge til grunn for korleis området skal brukast og byggast ut medan planen vert utarbeidd.

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 18.10.2018
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering