Kultur og fritid

Eid kommune har eit variert kultur og fritidstilbod.

I Eid Idrettshus og Eidahallen finn du eit allsidig tilbod innan ulike idrettsgreiner.

Tilsette i kulturavdelinga

Operahuset Nordfjord kveld - Klikk for stort bilete

Operahuset Nordfjord
I april 2009 opna kommunen det nye kulturhuset sitt Operahuset Nordfjord. I Operahuset finn vi Eid vidaregåande skule, Eid bibliotek, Eid Kino og fylket sin største kultursal.

 

Kulturpris
Kvart år vert det delt ut kulturpris og ungdommens kulturpris i Eid kommune. 

Kulturprisane blir tildelt på hausten av det faste utvalet for kultursaker, og utdelt i samband med siste kommunestyremøtet før jul.  Forslag kan sendast inn heile året, men seinast innan den fristen som kjem fram når prisen blir utlyst på hausten. Forslag kan sendast på e-post til post@eid.kommune.no.

Kulturmidlar
Eid kommunestyre set årleg av midlar som har som målsetjing å vere eit bidrag til å fremje  eit aktivt og allsidig kulturliv i tråd med dei overordna målsetjingane.  Spesielt prioritert er aktivitar for barn og unge, og aktivitet spesielt tilrettelagt for personar med spesielle behov.

Kulturmidlane blir tildelt på våren etter annonsering i Fjordabladet der det blir sett frist for søknad. Søknad skal sendast elektronisk gjennom vårt søknadssenter:

Til søknadssenter

Retningslinjer for tilskot til frivillig kulturarbeid  og tildeling av kulturprisar i Eid kommune, finn du her: Retningslinjer (PDF, 494 kB)

Tilskot
Eid kommune abonnerar på Tilskuddsportalen, dvs. at alle lag og foreiningar i Eid har fri tilgang til å nytte denne til å:

  • Finne tilskot å søke på
  • Lese siste nytt om tilskot
  • Dele informasjon og lære av kvarandre
  • Motta viktig informasjon frå kommunen
  • Få månadlege nyheitsbrev med tips om tilskot


For ytterlegare informasjon om Tilskuddsportalen ta kontakt med Gerd Fløde Bjørlo, tlf. 957 08 798


Kulturnatt i Nordfjord
Kulturnatt i Nordfjord er eit årleg arrangement. Dei sju kommunane i Nordfjord samordnar sine kulturarrangement kvart år slik at dei skjer samstundes, og til no har arrangementet vore 2. fredagen i november.

Kulturskule
Kulturskulen i Eid er eit frivilleg tilbod til barn og unge (unntaksvis vaksne) som ønskjer opplæring i musikk og biletkunst. Kulturskulen er samlokalisert med Eid ungdomsskule der undervisninga skjer.

For oppdatert informasjon om søknad, opptak, prisar, gebyr for tenester frå Kulturskulen i Eid, nærare kontaktinformasjon m.m, gå til: www.kulturskulen.no

Søknad om opptak i kulturskulen skal sendast elektronisk gjennom vår søknadssenter:

Til søknadssenter

E-post: kulturskulen@eid.kommune.no

Rektor er Dan Aasebø: dan.aasebo@eid.kommune.no

Tlf. 57 88 51 80

Sist endra 06.07.2017
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering