Næring i Eid

Eid_kommune_logo.jpg - Klikk for stort bilete

Logo Nordfjordeid Næringshage - Klikk for stort bilete

 

Ynskjer du å starte bedrift?

 

 

 

Eid kommune har inngått samarbeid med Nordfjordeid Næringshage om førstelinjeteneste for næringsutvikling

Nordfjordeid Næringshage AS skal i 2018 vere første kontaktpunkt mot etablerarar, drive rådgjeving overfor gründerar og vere kontaktledd for næringslivet inn mot Innovasjon Norge og det offentlege virkemiddelapparatet elles. Nordfjordeid Næringshage AS skal også vere ein dialog- og rådgjevingspart for kommunane ved handsaming av søknader til kommunalt næringsfond.

Næringshagen som næringskontakt skal halde seg fagleg oppdatert og bygge nettverk mot lokale og eksterne miljø. Næringshagen har saman med Eid kommune ansvar for å halde oversikt over og kontaktinformasjonen til bedriftene i Eid.

 Næringshagen skal i 2018 gjennomføre følgjande aktivitetar:

- arrangere nettverkssamlingar etter behov og avtale

- vere prosjektleiar for Påsketreffet på Nordfjordeid

- vere prosjektmedlem i Eid inviterer samfunn

- Andre aktivitetar

 

Kontaktinformasjon

Nordfjordeid Næringshage

Kontaktperson: Arild Hjelmeland

http://nhin.no/

Tlf:+47 456 00 526

E-post: arild.hjelmeland@nykunnskap.no

 

Besøksadresse:

 Skreddarhuset AS, Øyane 11, 6770 Nordfjordeid

 

Kommunalt næringsfond Eid kommune

Søknadsfristar 2018:

1.mars 2018 --> politisk behandling 17.april 2018

15.mai 2018--> politisk behandling 12.juni 2018

1.september 2018--> politisk behandling 25.september 2018

1.desember 2018 -> politisk behandling januar 2019.

 

Korleis søkje kommunalt næringsfond?

 

Nyttige linkar når du skal starte bedrift.

 

 

Landbruk

Landbrukskontoret er førstelinjeteneste ved spørsmål om landbruk og

landbruksrelaterte saker til Innovasjon Norge.

Kontaktperson:

Trine Alme

Tlf: 97 99 10 48

E-post: trine.alme@eid.kommune.no

 

 

.

 Leitar du etter næringsareal?

 

Eid Industrihus KF er Eid kommune sitt organ for tilrettelegging, marknadsføring og sal og utleige av kommunalt næringsareal i kommunen.

Vi har mellom anna eit større, byggeklart næringsareal i Eid industripark i Nordfjordeid. Reguleringsplanen for dette området finn du her.

Meir informasjon om kommunalt tilgjengeleg næringsareal for utbygging eller utleige får du ved å ta kontakt med dageleg leiar Svein Otto Melheim.

 

Kontaktinformasjon:

Tlf: 91138974

E-post: svein.otto.melheim@eid.kommune.no, post@eid.kommune.no

Internett: www.eid.kommune.no  www.eidinviterer.no

Postadresse: Eid Industrihus KF, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Besøksadresse: Skreddarhuset, Øyane 12, 6770 Nordfjordeid.

 

Eid kommune har i kommuneplanen sin arealdel elles avsett område for næring fleire stadar i kommunen.

Eid kommune ved plan- og utviklingsavdelinga har ansvaret for dei kommunale arealplanane, og du kan ta kontakt med avdelinga dersom du ynskjer nærare informasjon om arealplanane våre. Meir informasjon om kommundeplanen sin arealdel finn du elles her og reguleringsplanane for dei regulerte områda i Eid kommune finn du her.

 

   
 

 

Teneste (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering