Miljøfyrtårn

Kommunestyret i Eid gjorde hausten 2009 vedtak om at Eid kommune skulle registrere seg som miljøfyrtårnkommune. Tiltaket er eit resultat av Kommunedelplan for energi og klima. Kva inneber det?

logo2008[2].jpg
logo2008[2].jpg

Det betyr at verksemdene i kommunen kan bli miljøsertifiserte etter denne ordninga.

Miljøfyrtårn er ei norsk sertifiseringsordning for offentlege og private verksemder. Miljøverndepartementet støttar ordninga, som bygger på eit lokalt samarbeid mellom kommune og verksemder. Ordninga er administrert av Stiftelsen Miljøfyrtårn - med styrerepresentantar frå NHO, LO, handel - og servicenæringas hovudorganisasjon, KS, Bedriftsforbundet og kommunane Oslo, Bergen og Oppegård.

Miljøfyrtårn er i prinsippet opent for alle verksemder, private og offentlege. Der er ikkje restriksjonar mot å sertifisere verksemder ut frå type eller tal tilsette. Miljøfyrtårn sitt bransjekrav er først og fremst utvikla med tanke på små og mellomstore bedrifter i det private næringsliv (opp til 100 tilsette) og på offentlege verksemder. Men Miljøfyrtårn er også egna til bruk i større bedrifter med enklare miljøutfordringar. Store verksemder med komplekse miljøutfordringar blir råda å nytte ISO 14001 sertifisering og /eller EMAS registrering. I enkelte bransjar er også Svanen eit alternativ.

Kva inneber sertifisering for den einskilde verksemd?

  • Saman med ein kvalifisert Miljøfyrtårn - konsulent gjer verksemdene ei miljøanalyse og lagar ein handlingsplan for å innfri krava i Miljøfyrtårn. Krava er definert i bransjekrav.
  • Krava omfattar tiltak innanfor arbeidsmiljø, innkjøp og materialbruk, avfallshandtering, energiforbruk, transport, utslepp til luft og vatn, estetikk m.v. Miljøfyrtårn skal implementerast i eksisterande HMT-/ internkontrollsystem og er ikkje eit ekstra styringssystem.
  • Det er utarbeidd bransjekrav for 74 bransjar. Når bedrifta oppfyller bransjekrava, kan sertifiseringa gjennomførast. Kommunen tildeler sertifikat.
  • Verksemdene rapporterer årleg til stiftinga Miljøfyrtårn og resertifisering skal skje kvart 3. år. Stiftinga Miljøfyrtårn krev at alle sertifiserte verksemder årleg skal rapportere miljøprestasjonane på indikatorar som arbeidsmiljø, avfall, energi, transport, innkjøp, utslepp og estetikk.
  • Meir informasjon om Miljøfyrtårn: www.miljofyrtarn.no

Føremoner for verksemdene

Hovedmotivisasjonen for verksemder som skal verte Miljøfyrtårn - sertifisert, må vere ønsket om å forbetre eiga drift; mindre miljøbelastning, betre arbeidsmiljø og mindre ressursinnsats. Erfaring viser at sertifiserte verksemder sparer driftsutgifter ved miljøhandling. Verksemdene får ein tydeleg miljøprofil som kan gje konkurransefôrtrinn. Dei tilsette får eit betre arbeidsmiljø, og verksemda bidrar til mindre belastning på miljøet. Verksemdene kan lettare bli godkjent som underleverandør, og oppfyller einskilde av rekneskapslova sine krav om miljørapportering. Miljøfyrtårn - sertifiserte verksemder som vil gå vidare mot andre sertifiseringar, har laga eit svært godt grunnlag.

Høvet til å spare pengar på drift er gode, slik at dette er fornuftige investeringar. Miljøfyrtårn kan trygge drifta til private Eid - verksemder, og det kan også redusere utgiftene til kommunale verksemder.

Kommunestyret vedtok at ved første gong sertifisering av ei verksemd, dekkjer kommunen kostnadar med sertifikat i glas og råme. Andre kostnader med sertifiseringa må verksemda sjølv dekkje.

Ta kontakt med kommunen for meir informasjon eller sjå www.miljofyrtarn.no

 
Teneste (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering