Opprydding etter Dagmar - kurs i bruk av motorsag

Orkanen Dagmar har gjort stor skade på over 500 daa skog i Eid kommune. Rundt rekna er dette tett på 19 000,- m3 tømmer. Hovudsaklig er det gran, men også lauvskog. Opprydding i stormskadd skog er farleg og krev erfaring i bruk av motorsag.  I Eid komune blir det første kurset i bruk av motorsag arrangert den 1, 2 og 5. mars 2012. Vi oppmodar skogeigarar å melde si interesse til stanislawa.voldsund@eid.kommune.no så snart råd er, slik vi kan organisere så mange kurs som nødvendig.

Publisert av Stanislawa Voldsund. Sist endra 19.01.2012
Fotograf: Stanislawa Voldsund
Dagmar fotograf Stanislawa Voldsund
Fotograf: Stanislawa Voldsund
Dagmar 1 fotograf Stanislawa Voldsund
Fotograf: Stanislawa Voldsund
Kurs fotograf Stanislawa Voldsund
Fotograf: Stanislawa Voldsund
Kurs 2012 fotograf Stanislawa Voldsund

Opprydding av stormskadd skog er det farligaste arbeidet i skogbruket. Opprydding i skogen krev fagleg kompetanse som td gjennomført kurs i motorsag og erfaring.  Der det er stort omfang, eller der det er rotvelte og stammar som ligg på kryss og tvers, er der store spenningar som kan gje svært farlege situasjonar.  I slike tilfelle er det fornuftig å overlate oppryddinga til profesjonelle aktørar.

Det vart annonsert og organisert kurs i opprydding av stormfelt skog siste laurdag på Hundeide Ungdomshus. Kurset fokuserte på tryggleik ved hogst av stormfelt skog. På kurset deltok 48 skogeigarar.  Kurset var vellykka og lærerikt, og synleggjorde farane i skogbruket og behovet for grundig kunnskap til skogsarbeid og bruk av motorsag.

På kurset var utdelt eit hefte utarbeidet av Skogbrukets Kursinstitutt og utgitt av Skogbrukets HMS- utval. Heftet er ment som et supplement for personer, som har erfaring og naudsynt opplæring i riktig og sikker bruk av motorsag. Heftet i pdf. format finner du her (PDF, 7 MB)

Kvar einskild skogeigar skal sjølv vurdere sine kunnskaper og moglegheiter. Eid kommune organiserte i 2011 i samarbeid med instruktørar frå Skogbrukets Kursinstitutt,  kurs i høgst med motorsag.  Det er allereie bestilt første kurset i år med skogeigarar frå Hennebygda.  Kurset skal haldes den 1,2 og 5 mars 2012. Det er ikkje ledige dagar før. Vi anbefaler skogeigarar å sende påmelding til kommunen på e-post så snart som råd slik at vi kan organisere naudsynte kurs.

Eit todagars kurs for dokumentert sikkerheitsopplæring inneheld ein felles del der ein dag 1  får sikkerheitsopplæring i bruk av motorkjedesag samt daglig vedlikehald av motorsaga. Der må ein stille til disposisjon ein stad å vere der ein kan samle alle deltakarane.  Maks 14 deltakarar.

Dag 2 inneheld opplæring ute i skogen med praktiske øving med motorsag og hogstteknikk. Der kan delta min. 4 person og maks. 7 personar. På kurset nyttar deltakarane sitt eige utstyr som sag og verneutstyr. Kurset er ein av kursa i serien Aktivt skogbruk . Oversyn over nødvendige og tilgjengelege kurs finn du på  http://www.skogkurs.no/kursbeskrivelser.asp?Tema=29

Oversyn over kostnader med kurset finn du på http://www.skogkurs.no/kurspriser-skog.asp.  Kostnad pr. deltakar for ovannemnde kurs er kr. 1.420,- for dei som er tilknytt landbruket.   Kursavgifta kan dekkjast av skogfond, også for familiemedlemmer. Skattefordelen reduserer eigendel med opptil 88 %.

1. januar 2002 fekk vi krav om dokumentert sikkerheitsopplæring for landbruket, jf. forskrifta "Bruk av arbeidsutstyr" av 26. juni 1998 nr.608. Forskrifta retter seg mot arbeidsgivarar, den som driv einmannsføretak, den som driv familiebruk i landbruket og dei som driv opplæring og kontroll i samsvar med forskrifta.

I følgje forskrifta, er arbeidsutstyr som brukast i skogbruket underlagt dokumentert sikkerheitsopplæring. For skogbruket har Skogbrukets Helse-, Miljø - og Sikkerheitsutval gitt ei oversikt over det mest vanlege utstyret som kjem inn under kravet om dokumentert sikkerheitsopplæring:

  • - Motorkjedesag
  • - Motorryddesag
  • - Jernhest (minilunner)
  • - Landbrukstraktor med vinsj
  • - Landbrukstraktor med kran og tømmerhenger
  • - Frontlaster montert på landbrukstraktor
  • - Kvisteaggregat montert på landbrukstraktor
  • - Traktorgraver montert på landbrukstraktor
  • - Traktormontert slepebane til tømmerdrift
  • - Kabelkran
  • - Snøscooter med utstyr for skogsdrift
  • - Vedmaskiner
  • - Lastetraktor
  • - Hogstmaskin
  • - 4-hjuls motorsykkel med utstyr for skogsdrift

Vi nemner at kursbevis som dokumenterer sikkerheitsopplæring, kan ha avgjerande betydning i tilfelle ulukke.

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering