Vatn og avløp - Søknad om utsleppsløyve - avløpsanlegg

Beskriving

Kommunen kan kreve utsleppsløyve for alle forureinande utslepp av avløpsvatn. Dette gjeld for industri, heilårs- og fritidsbusetnad med avløp. Søknad om utslepp frå mindre avløpsanlegg (anlegg inntil 1000 pe) skal sendast på eige skjema sammen med rørleggarmelding, prosjekteringsgrunnlag, situasjonsplan mm

Vilkår

Ingen kan setje i verk utslepp som vert omfatta av forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg §1 utan at det er lovleg etter vedtak i medhald av §4 eller lovleg etter §5. Det same gjeld når utslepp vert vesentleg auka. Søknadsplikta gjeld uansett avløpsløysing. Det skal såleis søkjast om løyve også når avløp går til tett tank.

Krav til dokumentasjon

Situasjonsplan på kart som viser alle deler av anlegget, dimensjonar, trykklasser og tilknytningspunkt. Grøfteprofilar og typeteikningar for kummar og pumpestasjoner. Pumpediagram og dimensjoneringsgrunnlag. Avklare evt. arealreglar, grunnrettar, vassforsyning naboar. Dokumentasjon skal følgje rørleggarmelding, søknad om ansvarsrett og evt. søknad om lokal godkjenning.

Behandlingstid

Varierer i høve til saka sin kompleksitet

Kvalitetsmål

Sikre at alle forureinande utslepp av avløp skjer med heimel i utsleppsløyve. Sikre at utsleppsløyve vert gjeve etter forureiningslova, forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg, kommunale avløpsplaner og forskrifter.

Heimel

Forureiningslova, forskrift om utslipp fra mindre avløpsanlegg.

Søknad

Kommunen vurderer om motteken søknad kan handsamast i høve til krav til dokumentasjon

Retur

Mangelfull søknad vert returnert søkjar med førespurnad om tilleggsinformasjon

Lovheimel

Dersom søknad tilseier utlegging av sjøledning skal søkjar orienterast om saksgang etter Lov om hamner og farvatn

Vedtak

Vedtak vert å sende søkjar med orientering om vedtak, sakshandsamingsgebyr, klagerett og om naudsynt løyve etter plan- og bygningslova

Status

Status for eigedomen sitt VA-anlegg skal ajourførast i kommunen sin vatn- og avløpsdatabase

Gebyr

Sakshandsamar gjev skriftleg melding om gebyrinnkreving
Sist endra 31.01.2013
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering