Pleie og omsorg - Avlasting for funksjonshemma

Beskriving

Det vert gjeve avlasting til personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for funksjonshemma. Avlasting vert gjeve i kommunal avlastingsbustad eller i private heimar som tek på seg slike oppdrag. Dei føresette får vedtak om eit visst antal døgn med avlasting pr månad. Den kommunale avlastingsbustaden vert også nytta til dagtilbod i periodar med skulefri. Avlasting er gratis, medan det vert kravd eigenbetaling for dagtilbod i feriar.

Vilkår

§ 4-3 I Lov om sosiale tenester: Hjelp til dei som ikkje kan ha omsorg for seg sjølv. Dei som ikkje kan ha omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dagleglivet sine gjeremål, har krav på hjelp etter § 4-2 b. avlastingstiltak. Avlasting skal gje pårørande nødvendig og regelmessig ferie og fritid. Avlasting skal gje pårørande høve til for å delta i vanlege samfunnsgoder og aktvitetar. Avlasting erstatter ikkje, men vert ytt i tillegg til tenester til den omsorgstrengande.

Krav til dokumentasjon

Det må søkjast skriftleg.

Behandlingstid

Søknaden vert handsama fortløpande, og seinast innan 3 veker. Faste brukarar av avlastingstilbod søkjer for 1 kalenderår av gongen.

Kvalitetsmål

Avlasting skal gjere det muleg å oppretthalde gode familierelasjonar og bevare sosiale nettverk.

Aviks hand

Alle vedtak kan påklagast. Klagefristen er 3 veker. Klage vert å sende helse- og sosialkontoret, som vurderer saka på nytt. Dersom søkjer ikkje får medhald vert saka handsama i klientutvalet og evt. sendt til fylkesmannen for handsaming.

Heimel

Lov om sosiale tjenester § 4-2.e. / Forvaltningsloven § 11 og § 23

Søknad

Søknad skal skrivast på eige søknadsskjema, som ein får ved servicekontoret i kommunen, eller kan hentast på heimesida til kommunen.

Heimebesøk

Det kan vere aktuelt med heimebesøk for å kartlegge hjelpebehovet.

Vedtak

Vedtak vert fatta som regel for eit år av gongen.

Sist endra 31.01.2013
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering