Hjelp i heimen

Hjelp i heimane vert organisert frå Heimetenestene som du finn i rådhuset eller som du når på telefon 57885800.

Heimehjelp
Eldre og uføre som treng hjelp i huset kan på visse vilkår få hjelp frå heimehjelpstenesta.

Heimesjukepleie
Personar som på grunn av sjukdom treng medisinsk hjelp, men som ikkje treng vere på sjukehus eller annan institusjon, kan få naudsynt hjelp av heimesjukepleia. Heimesjukepleie er gratis.

Avlasting
Familie og andre som steller for pleietrengjande eldre og uføre kan få avlasting, slik at dei betre er i stand til å utføre dei oppgåvene dei har.

Betaling
Det vert kravd betaling for heimehjelp. Betalingssatsane er avhengige av inntekta til den som får hjelpa. Betalingssatsane vert regulerte av kommunestyret kvart år.

Tekniske hjelpemiddel
Saman med kommunefysio- ergoterapeuten kan heimesjukepleia formidle tekniske hjelpemiddel som kan gjere kvardagen for funksjonshemma lettare.

Tryggleiksalarmar
Kommunen leiger ut alarmtelefonar som kan nyttast av eldre og funksjonshemma. Tryggleiksalarmane er kopla til Alarmsentralen i Florø. Dette er ei betalingsteneste.

Matombringing
Kommunen kan bringe middagsmat til eldre og uføre som bur heime, og som ikkje sjølv greier å lage mat. Meir informasjon om tenestene får du ved å kontakte avdelingsleiar.

Artikkel (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering