Ja til jakt

Nordmenn er positive til jakt. Dette er konklusjonen i granskinga Nordmenns holdninger til jakt.
Publisert av Elin Leikanger. Første gong publisert 07.03.2005
Granskinga ”Nordmenns holdninger til jakt” gir svar på kva vi meiner om jakt og jegerar, mellom anna avhengig av oppvekst- og bustad, kjønn og alder, nettverk og inntekt.

Bygd eller by
60 % av det norske folk har ein relasjon til jakt, anten fordi dei jaktar sjølve eller fordi dei kjenner nokon som jaktar. Om du bur på bygda, eller i by, har liten innverknad på kva du meiner om jakt. Då har oppvekststad meir å seie; Dersom du har vakse opp på bygda er du truleg meir positiv til jakt enn om du har vakse opp i ein storby.

Rekreasjon og mosjon
Folk meiner også at rekreasjon, spaning, sosialt samvere, regulering av viltet og mosjon er viktige motiv for å drive jakt. Nesten tre fjerdedelar har tiltru til at jegeropplæringa er god nok og majoriteten meiner at jegerar ikkje er nokon fare for turfolk. Folk sine haldningar til jakt har endra seg lite i løpet av dei 10 siste åra. Det er ulikt syn på korleis tilgangen på jakt er. Kvinner reknar med å ha mindre tilgang enn menn.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering