Kirsti Ohrvik Olsen (V) - ny varaordførar i Eid

Varaordførar.jpg - Klikk for stort bilete Kirsti Ohrvik Olsen (48) er vald til ny varaordførar i Eid av Eid kommunestyre. Ho overtar som varaordførar etter Eli Førde Aarskog, som har flytta til Trondheim og fått fritak frå sine verv i Eid kommune.
 
Kirsti Ohrvik Olsen er 48 år, gift og har to vaksne born. Ho representerer Venstre i kommunestyret, og er til dagleg helsefagarbeidar på Hogatunet bu- og behandlingssenter. Kirsti Orvik Olsen har dei siste to åra vore medlem i Teknisk- og Samfunnsutvalet i Eid, før ho no blir fast medlem av Formannskapet og varaordførar. 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 09.11.2017
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering