Kommunedelplan for veg og trafikktrygging – rullering av handlingsdel

Eid kommunestyre vedtok i møte 15.desember 2016 KS-sak 156/16, å hente inn innspel i samband med rullering av handlingsdelen for kommunedelplanen for veg og trafikktrygging.

Formålet med kommunedelplanen er mellom anna å legge til rette for trygg skuleveg.

 

Publisert av Dag Petter Leite. Sist endra 05.07.2017

Kva er ein kommunedelplan?

Ein kommunedelplan er eit styringsverktøy for kommunen. Føringane i kommunedelplanen vil påverke kva tiltak som vil bli prioriterte innanfor dette området.
 
Har du innspel?
Du har høve til å kome med skriftlege innspel til tiltak. Sjå eige innspelskjema (DOCX, 36 kB).
 
Frist for å kome med uttale er sett til 30. august 2017.
 
Innspel skal merkast med «16/21016» og sendast per e-post: post@eid.kommune.no eller post til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
 
Ynskjer du meir informasjon?
 
Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de ta kontakt med Eid kommune på tlf. 57 88 58 00.
 
Vidare handsaming:
Når innspelfristen er ute, vil rådmannen samanfatte innkomne innspel og vurdere desse før handlingsdelen til kommunedelplanen vert lagt fram for endeleg politisk behandling. Framlegg til vedtak vert kunngjort minst 30. dagar før kommunestyret si behandling.
 
Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader er det venta at handlingsdelen vert lagt fram for endeleg behandling i oktober 2017.

 

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering