Kommuneplanen sin arealdel 2015-2027

Nordfjordeid mot vest - Klikk for stort bilete I møte 4. juni vedtok Eid kommunestyre kommuneplanen sin arealdel 2015 – 2027, med unntak av vegtraseen for bru Lote-Anda som Statens vegvesen framleis har motsegn til, jf. vedtak i KS-sak 062/15 (PDF, 294 kB).

Det kan ikkje klagast på kommunestyret sitt vedtak av kommuneplanen sin arealdel, jf. plan- og bygningslova § 11-15.

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 17.06.2015

Kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 består av planomtale med vedlegg, plankart og føresegner og retningslinjer med vedlegg.

 

Planomtale – gir ei innføring i utviklingstrekk og endringar i planen. (PDF, 832 kB)

Vedlegg 1 - Konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse – syner positive og negative konsekvensar av endra arealbruk, og kva omsyn som vil vere spesielt viktige ved utbygging i ulike område. (PDF, 7 MB)

Vedlegg 2 - Samandrag og vurdering av innspel til planarbeidet – gir ei oversikt over alle innspel som er kome inn i samband med planarbeidet, og korleis desse er vurdert i forhold til endring i arealbruk. (PDF, 2 MB)

Vedlegg 3 - Strandsonevurdering - byggegrense i 100-metersbeltet mot sjø. (PDF, 2 MB)

Føresegner og retningslinjer – legg føringar for utbygging, er juridisk bindande. (PDF, 2 MB)

Plankart del 1: Arealformål, omsynssoner, bandleggingssoner, detaljeringssoner, sikringssoner og støysoner, er juridisk bindande. (PDF, 9 MB)

Plankart del 2: Arealformål og fareområde, er juridisk bindande. (PDF, 8 MB)

Kartutsnitt er å finne under "nyttig informasjon".

 

Sjå og følgjande analyser/registreringar som dannar grunnlag for arealdelen:

Sentrumsanalysen i plansje (PDF, 8 MB) med kvantitativ analyse (PDF, 6 MB)

Kjerneområde landbruk med oversiktskart (PDF, 2 MB)og retningslinjer (PDF, 279 kB)

Strandsonevurdering (PDF, 2 MB) med oversiktskart (PDF, 4 MB)

Kommunedelplan for Hornindalsvassdraget

Kva inngår i LNF-formålet?

For nærare oversikt over kva som inngår i område for landbruk, natur og friluftsliv (LNF-område), sjå Landbruk pluss rettleiaren.

Sjå alle dokument i saka under desse linkane:

Saksnummer 12/1648

Saksnummer 13/451

Saksnummer 14/1635

Saksnummer 15/572

Tenestestad (1)
Nyttig informasjon (19)
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering