Kommunestyre- og fylkestingsval 09.09.2019

Stad kommunevåpen.png - Klikk for stort bilete

Det er kommunestyre- og fylkestingsval 9. september 2019

Den nye kommune- og fylkesinndelinga trer i kraft 01.01.2020, og valet i 2019 skal gjennomførast som om grensejusteringa allereie er gjennomført. Dette gjeld alle kommunar og fylkeskommunar som er omfatta av samanslåingar, grensejusteringar og delingar. 

Les meir om valet på Valgdirektoratet.

Det skal veljast 33 medlemer til kommunestyret i Stad kommune.

Valstyret i Stad kommune har i møte 20. mai 2019 godkjent til saman 7 vallister til kommunestyrevalet 2019 i Stad kommune.

Her kan du sjå dei godkjende vallistene (PDF, 465 kB).

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 18.07.2019

Tidlegrøysting 
Frå 1. juli til og med 9. august 2019 kan du tidlegrøyste på Eid rådhus og kommunehuset i Selje, i røystelokala sine opningstider.

Tidlegrøysting er meint som ei ordning for dei som ikkje har høve til å førehandsrøyste i den ordinære førehandsrøystingsperioden eller på valdagen.
 

I tidlegrøystinga kan du berre røyste på parti og ikkje på listekandidatar. Røystesetlar med listekandidatar vil vere klare til førehandsrøystinga frå 10. august.

 

Førehandsrøysting
Du kan førehandsrøyste frå måndag 12. august 2019 på følgjande stader, i røystelokala sine opningstider:

  • Kommunehuset i Selje
  • Eid rådhus
  • Eid bibliotek

 

Valkrinsar og opningstider på valdagen 9. september 2019

  1. Refsnes valkrins: kl 10.00-18.00
  2. Flatraket valkrins: kl 10.00-18.00
  3. Selje valkrins: kl 10.00-18.00
  4. Stadlandet valkrins: kl 10.00-18.00
  5. Bryggja valkrins: kl 10.00-18.00
  6. Kjølsdalen valkrins: kl 14.00-18.00
  7. Stårheim valkrins: kl 14.00-18.00
  8. Haugen valkrins: kl 14.00-18.00
  9. Hjelle valkrins: kl 14.00-18.00
  10. Nordfjordeid valkrins: kl 09.00-20.00
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering