Kommunestyre- og fylkestingsval 09.09.2019

VAL_logo.png - Klikk for stort bilete

Det er kommunestyre- og fylkestingsval 9. september 2019

Den nye kommune- og fylkesinndelinga trer i kraft 01.01.2020, og valet i 2019 skal gjennomførast som om grensejusteringa allereie er gjennomført. Dette gjeld alle kommunar og fylkeskommunar som er omfatta av samanslåingar, grensejusteringar og delingar. 

Les meir om valet på Valgdirektoratet.

Det skal veljast 33 medlemer til kommunestyret i Stad kommune.

Valstyret i Stad kommune har i møte 20. mai 2019 godkjent til saman 7 vallister til kommunestyrevalet 2019 i Stad kommune.

 

Valresultat 2019

Her kan du sjå valstyrets møteprotokoll etter valet 9. september 2019 (PDF, 254 kB)

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 19.09.2019

Tidlegrøysting 
Frå 1. juli til og med 9. august 2019 kan du tidlegrøyste på Eid rådhus og kommunehuset i Selje, i røystelokala sine opningstider.

Tidlegrøysting er meint som ei ordning for dei som ikkje har høve til å førehandsrøyste i den ordinære førehandsrøystingsperioden eller på valdagen.
 

I tidlegrøystinga kan du berre røyste på parti og ikkje på listekandidatar. Røystesetlar med listekandidatar vil vere klare til førehandsrøystinga frå 10. august.

 

Førehandsrøysting
Du kan førehandsrøyste frå måndag 12. august 2019 på følgjande stader, i røystelokala sine opningstider:

  • Kommunehuset i Selje
  • Eid rådhus
  • Eid bibliotek

 

Manntal

Manntalet for Stad er ei liste over kven som har røysterett i kommunen. Utleggingsmanntall kretsvis ligg tilgjengeleg for gjennomsyn på Eid rådhus og kommunehuset i Selje, og du kan sjølv sjekke om du står i manntalet.

Har du flytta og melding om flytting ikkje er motteken i folkeregisteret innan 30.juni, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta ifrå. Då kan du velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller du kan førehandsrøyste i kva som helst kommune i Noreg.

 

Valkrinsar og opningstider på valdagen 9. september 2019

  1. Refsnes valkrins - Ytre Stad Grendahus: kl 10.00-18.00
  2. Flatraket valkrins - Flatraket skule: kl 10.00-18.00
  3. Selje valkrins - Selje skule: kl 10.00-18.00
  4. Stadlandet valkrins - Stadlandet skule: kl 10.00-18.00
  5. Bryggja valkrins - Bryggja omsorgssenter: kl 10.00-18.00
  6. Kjølsdalen valkrins - Kjølsdalen Montessoriskule: kl 14.00-18.00
  7. Stårheim valkrins - Stårheim skule: kl 14.00-18.00
  8. Haugen valkrins - Haugen skule: kl 14.00-18.00
  9. Hjelle valkrins - Hjelle skule: kl 14.00-18.00
  10. Nordfjordeid valkrins - Eid rådhus: kl 09.00-20.00