Kongens Fortjenstmedalje til Kari og Michael Pavelich

pavelich kongens fortenestemedlaje2.jpg - Klikk for stort bilete

Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich vart torsdag 3. oktober 2018 tildelt Kongens Fortjenstmedalje.

Overrekkinga skjedde på premieren til Opera Nordfjord si 20-års jubileumsforestilling, La Bohème, i Operahuset Nordfjord til stormande jubel frå ein fullsett sal og med heile opera-ensembelet på scena.

 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 04.10.2018

Kari og Michael har fått Kongens Fortjenstmedalje for 30 års innsats for kulturlivet i Eid, Nordfjord og Sogn og Fjordane, og for å ha skapt og realisert draumen om ein eigen opera og eit eige operahus i Nordfjordeid.

Opera Nordfjord vart skipa i 1998 med Kari som operasjef og Michael som kunstnarleg leiar. Opera Nordfjord har sidan den gong hatt årvisse oppsetjingar av fullskala opera-førestillingar - dei siste åra også eigne barneforestillingar. Dei har stått bak nyskrivne norske operaer (på nynorsk), omsett kjende utanlandske operaer til nynorsk, reist på turnear og vore med på ei rad samarbeidsprosjekt med andre kulturaktørar i Sogn og Fjordane.

Til saman har Opera Nordfjord på 20 år hatt over 30 oppsetjingar og seld om lag 90.000 billettar.  I 2009 flytta Opera Nordfjord inn i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, det einaste operahuset i Noreg utanfor Oslo.

Medaljen vart overrekt av ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, med ordførarar/representantar for alle dei andre kommunane i Nordfjord til stades. Ordførar Alfred Bjørlo sa i samband med overrekkinga mellom anna dette:

- Kjære Kari og Michael. De har lagt ned ein innsats for song- og musikklivet i Nordfjord og Sogn og Fjordane heilt utan sidestykke.

Det er dykkar forteneste at Opera Nordfjord  fyller tjue år i år. Kompetansen dykkar, kreativiteten dykkar og evna til å bygge nettverk har sett Opera Nordfjord  på kartet og blitt ein synlig del av operafamilien i Noreg - der ingen skulle tru at opera kunne bu.  
 
De kunne ha gjort stor karriere kvar for dykk, i USA eller kvar som helst i verda elles. Men de har valt å bruke kreftene og gløden dykkar for musikk her i Nordfjord. Med ei formidlingsevne som har trylla fram nye unge musikk-krefter i mangfald. De har inspirert og imponert mange. Ikkje berre innan song- og musikkmiljøet her i vår region, men også i fagmiljø langt utover Noregs grenser.

Vi som står her i dag har enorm respekt for det arbeidet de har lagt ned og framleis legg ned, og enno skal legge ned i mange, mange år til. De er samfunnsbyggjarar av beste merke. Vi vil markere 20-årsjubileet til Opera Nordfjord med å gje dykk ein heilt spesiell heider her i kveld - ein heider som ikkje kjem mange til del.

Kari og Michael: Eg har æra og gleda - på vegne av heile Eid, heile Nordfjord, heile Sogn og Fjordane og alle operavenner elles - å overrekke dykk begge Kongens Fortenestemedalje.

 

 


Helsing ved overrekking av Kongens Fortjenstmedalje

Kjære Kari og Michael. De har lagt ned ein innsats for song- og musikklivet i Nordfjord og Sogn og Fjordane heilt utan sidestykke. 
Vi har så mykje å takke dykk for at det er umulig å gjere det berre med ord.

Det er dykkar forteneste at Opera Nordfjord  fyller tjue år i år. Kompetansen dykkar, kreativiteten dykkar og evna til å bygge nettverk  har sett Opera Nordfjord  på kartet og blitt ein synlig del av operafamilien i Noreg - der ingen skulle tru at opera kunne bu.  Evna dykkar til å få med andre er spesiell.  De har tru på at ein kan få til alt. 

De har også målmedvite brukt kunsten til samfunnsbygging.  Kjærleiken til musikken, til kvarandre, til regionen, til språk og tradisjonar og folk som bur her. 
De kunne ha gjort stor karriere kvar for dykk, i USA eller kvar som helst i verda elles. Men de har valt å bruke kreftene og gløden dykkar for musikk her i Nordfjord. Med ei formidlingsevne som har trylla fram nye unge musikk-krefter frå Nordfjord i mangfald.
De har inspirert og imponert mange. Ikkje berre innan song- og musikkmiljøet her i vår region, men også i fagmiljø langt utover Noregs grenser.

Vi som står her på scena i dag - og eg er sikker på eg har alle i salen med meg - har enorm respekt for det arbeidet de har lagt ned og framleis legg ned, og enno skal legge ned i mange, mange år til. De er samfunnsbyggjarar av beste merke.
Vi treng dykk, og vil ha dykk med vidare. For å ta opp tråden etter Winston Churchill: Dette jubileet er ikkje slutten. Det er ikkje ein gong byrjinga på slutten. Dette 20-årsjubileet er berre slutten på byrjinga.
Og den slutten på byrjinga - den vil vi markere med å gje dykk ein heilt spesiell heider her i kveld - ein heider som ikkje kjem mange til del.


Kari og Michael: Eg har æra og gleda - på vegne av heile Eid, heile Nordfjord, heile Sogn og Fjordane og alle operavenner elles - å overrekke dykk begge Kongens Fortjenstmedalje.


Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, 2. oktober 2018

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering