Kulturprisen 2018 og Ungdomens kulturpris 2018

Ungdomens kulturpris_2017.jpg - Klikk for stort bilete Eid kommune inviterer til å kome med framlegg på kandidatar til


1. Kommunen sin kulturpris for 2018
2. Ungdommens kulturpris for 2018

Kvar pris er på kr. 10.000,- + diplom og kan delast på fleire kandidatar.

Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper, lag eller organisasjonar som høyrer heime i kommunen, og skal vere ein heider for arbeidet med kunstnarleg og kulturell verksemd i kommunen.

Ungdommens kulturpris kan tildelast ein utøvar, ei gruppe av utøvarar (lag/organisasjon) eller ein
ungdomsleiar som har oppnådd ein prestasjon, eit resultat eller eit nivå som er utanom det vanlege
innan kulturlivet i kommunen.

Her finn du retningslinjer for dei to prisane.

Grunngjevne forslag på kandidatar til dei to prisane, kan sendast til Eid kommune
post@eid.kommune.no innan 16. november 2018.

(Foto : Vinnarar av Ungdommens Kulturpris 2017 - Vilde , Oselie og Anna)

 

 

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 26.10.2018

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering