Kunngjering Valting 2019

VAL_logo.png - Klikk for stort bilete

Det er kommunestyreval i Stad kommune og fylkestingsval i Vestland, måndag 9. september 2019 (Vallova §9-3).

Her kan du røyste:

  1. Refsnes valkrins - Ytre Stad Grendahus: kl 10.00-18.00
  2. Flatraket valkrins - Flatraket skule: kl 10.00-18.00
  3. Selje valkrins - Selje skule: kl 10.00-18.00
  4. Stadlandet valkrins - Stadlandet skule: kl 10.00-18.00
  5. Bryggja valkrins - Bryggja omsorgssenter: kl 10.00-18.00
  6. Kjølsdalen valkrins - Kjølsdalen Montessoriskule: kl 14.00-18.00
  7. Stårheim valkrins - Stårheim skule: kl 14.00-18.00
  8. Haugen valkrins - Haugen skule: kl 14.00-18.00
  9. Hjelle valkrins - Hjelle skule: kl 14.00-18.00
  10. Nordfjordeid valkrins - Eid rådhus: kl 09.00-20.00

Du har røysterett ved kommunestyrevalet  og fylkestingvalet  dersom du fyller 18 år i valåret og er norsk statsborgar, jf vallova § 2-1.

I tillegg har personar som ikkje er norske statsborgarar, men som elles fyller vilkåra i § 2-1, røysterett dersom dei har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterført som busett i Noreg seinast 30.juni i valåret.
For  å få røyste må du vere innført i manntalet i kommunen på valdagen.

Ta med valkort og gyldig legitimasjon.

STAD VALSTYRE
Stein Robert Osdal
Leiar

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 09.09.2019