Bustadsosial handlingsplan - høyring

Framlegg til Bustadsosial handlingsplan 2013-2023 ligg ute til høyring fram til 19.05.2013.

Som ledd i høyringa vert det torsdag den 2. mai kl 19.00 invitert til ope høyringsmøte om planframlegget i kommunestyresalen i Eid Rådhus.

 

Høyringsmøtet vil ha fokus på kva strategiar og tiltak som kan nyttast for å nå målet om ca 45 nye utleigebustader i perioden fram til 2023.

  • Kva areal er for utbygging av utleigebustader? Sjå kap 3.3 i planen, og eige vedlegg om tomtesituasjonen i Eid kommune.
  • Kva strategiar og konkrete tiltak er aktuelle dei næraste åra? Sjå kap 8.

Merknader til planen

Vi ber særskilt om merknader til mål, strategiar og tiltak. Merknader kan sendast til post@eid.kommune.no, eller Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Les planen her

Publisert av Elin Leikanger. Sist endra 25.04.2013
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering