Detaljregulering for B23 Golvsengane - Melding om vedtak

Utsnitt av vedteken reguleringsplan (Eid kommune) - Klikk for stort bilete

Teknisk- og samfunnsutvalet i Eid vedtok i møte 26. mars 2019, TSU-sak 023/19 detaljregulering for område B23 i reguleringsplan for Golvsengane.

Formålet med detaljreguleringa er å legge til rette for bustadbygging med høg utnytting

 

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 05.04.2019

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan består av ei planomtale og juridisk bindande plankart og føresegner, jf. plan- og bygningslova kapittel 12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Informasjon om reguleringsplanen

Vedteken plan med planomtale, plankart, føresegner og andre tilhøyrande dokument finn du i kommunen sitt digitale planregister (blir oppdatert natt til laurdag 6. april).

I saksutgreiinga kan du finne meir informasjon om sjølve vedtaket og vurdering av innspel til planarbeidet. Saksutgreiinga finn du i lenka nedanfor, saman med plandokumenta slik dei låg føre ved vedtak.

Dersom du ønskjer ein kopi av dokumenta, kan du ta kontakt med Eid kommune på tlf. 57 88 58 00.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering