Detaljreguleringsplan for bustadområde i Lunden - Melding om vedtak

Eid kommunestyre vedtok i møte 6. september, KS-sak 107/18 detaljreguleringsplan for bustadområde på gnr. 45 bnr. 1 (område B21 i Lunden).

Formålet med detaljreguleringsplanen er å legge til rette for bygging av tre bustadblokker med til saman 60 bueiningar.

 

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 24.09.2018

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan består av ei planomtale og juridisk bindande plankart og føresegner, jf. plan- og bygningslova kapittel 12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Ynskjer du meir informasjon om reguleringsplanen?

I saksutgreiinga kan du finne meir informasjon om sjølve vedtaket og vurdering av innspel til planarbeidet.

  • Saksutgreiing KS-sak 107/18
  • Detaljreguleringsplan for bustadområde i Lunden gnr. 45 bnr. 1
    • Planomtale
    • Plankart
    • Føresegner
    • ROS-sjekkliste
    • Kvikkleirevurdering
    • Trafikkvurdering
    • Diverse fråsegner

Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de ta kontakt med Eid kommune på tlf. 57 88 58 00.

Eventuelle klager:

Partar eller andre med rettsleg klageinteresse har høve til å klage på vedtaket, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova.

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 tre veker etter denne kungjeringa.

Merk eventuell klage med: "16/21198" og send per e-post til post@eid.kommune.no eller brev til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Etter at klagefristen er ute, vil aktuelle partar bli orientert om eventuelle innkomne klager på vedtaket.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering