Detaljreguleringsplan for Langeland - gnr. 49 bnr. 12 og 24 - melding om vedtak

 

Kommunestyret vedtok i møte 8. mai, KS-sak 059/14, detaljreguleringsplanen for Langeland – gnr. 49 bnr. 12 og 24.

Formålet med planen er å legge til rette for framtidig utvikling av næring og tenesteyting i området.

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 03.10.2014

Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Kommunestyret sitt vedtak KS-sak 059/14 kan du lese her (PDF, 41 kB).Vedteken detaljreguleringsplan for Langeland - gnr. 49 bnr. 12 og 24:

 

Dokumenta er tilgjengelege på servicekontoret fram til torsdag 30. oktober 2014.

 

Eventuelle klager

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til torsdag 30. oktober 2014. Merk eventuell klage med: «Klage på vedtak av detaljreguleringsplan for Langeland – gnr. 49 bnr. 12 og 24», og send per e-post: post@eid.kommune.no eller brev til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42.

Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

 

Erstatning/innløysing

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering