Detaljreguleringsplan for massetak, Vedvikmona – område BRU06 – Offentleg ettersyn

Eid kommune ved teknisk- og samfunnsutvalet, vedtok i møte 30. oktober 2018, TSU-sak 106/18 å legge forslag til detaljreguleringsplan for masseuttak i Vedvikmona område BRU06 ut til offentleg ettersyn.

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 14.12.2018

Formålet med detaljreguleringa er å legge til rette for uttak av grus i Vedvikmona sør for fylkesveg 664, aust for eksisterande masseuttak.

 

Ein detaljreguleringsplan består av ei planomtale, føresegner og eit plankart. Plankartet og føresegnene er juridisk bindande for framtidig bruk og vern i det regulerte området. I planomtalen finn du meir informasjon om bakgrunnen for utforming av plankart og føresegner.

 

Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.

Ynskjer du meir informasjon?

Følgjande dokument er lagt ut til offentleg ettersyn:

  1. TSU-sak 106/18 (Vurdering av geologisk verneverdi, støyfagleg utgreiing og oppsummering av innspel kan finnast her)
  2. Forslag til <detaljreguleringsplan for masseuttak i Vedvikmona område BRU06 omfattar følgjande dokument:

Har du synspunkt på planforslaget?

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget. Til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar.

Frist for å kome med uttale er sett til  tysdag 29. januar 2019.

Uttale skal merkast med "17/192" og sendast per e-post: post@eid.kommune.no eller post til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Vidare handsaming:

Når høyringsfristen er ute, vil rådmannen samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før saka vert endeleg behandla. Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader vil det vere aktuelt å gjennomføre den endelege behandlinga i <januar 2017>. Partar i saka vil få tilsendt melding om vedtak.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering