Detaljreguleringsplan for Teletunet – Offentleg ettersyn

Eid kommune ved teknisk- og samfunnsutvalet, vedtok i møte 25. september 2018, TSU-sak 090/18 å legge forslag til detaljreguleringsplan for Teletunet ut til offentleg ettersyn. 

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 26.10.2018

Formålet med detaljreguleringa er å legge til rette for oppsetting av eit bustadbygg på eigedomen, i tillegg til fortsett næringsverksemd.

Ein detaljreguleringsplan består av ein planomtale, føresegner og eit plankart. Plankartet og føresegnene er juridisk bindande for framtidig bruk og vern i det regulerte området. I planomtalen finn du meir informasjon om bakgrunnen for utforming av plankart og føresegner.

Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.

Ynskjer du meir informasjon?

Forslag til detaljreguleringsplan og saksutgreiing i TSU-sak 090/18 er tilgjengelege via lenkene nedanfor. Dokumenta vert også sendt til regionale myndigheiter og e-postmottakarar:

  1. TSU-sak 090/18
  2. Forslag til detaljreguleringsplan for Teletunet omfattar følgjande dokument:

Har du synspunkt på planforslaget?

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget. Til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar.

Frist for å kome med uttale er sett til tysdag 4. desember 2018.

Uttale skal merkast med "17/2655" og sendast per e-post: post@eid.kommune.no eller post til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Vidare handsaming:

Når høyringsfristen er ute, vil rådmannen samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før saka vert endeleg behandla. Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader vil det vere aktuelt å gjennomføre den endelege behandlinga i januar 2018. Partar i saka vil få tilsendt melding om vedtak.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering