Eigedomsskatt 2019 Eid kommune

Logo Eid kommune - Klikk for stort bilete

Eigedomsskatt 2019 - Kunngjering

 

 

Kunngjering om utskriving av eigedomsskatt etter Lov om eigedomskatt til kommunane av 6. juni 1975, nr. 29.

Kunngjering om utskriving av eigedomsskatt etter Lov om eigedomskatt til kommunane av 6. juni 1975, nr. 29.

 

Etter vedtak i kommunestyret 13.12.2018 er det skrive ut eigedomsskatt i Eid kommune for 2019 med 3 promille.

Skattelista (PDF, 523 kB) vert i medhald av § 15 i lov om eigedomsskatt utlagt til ettersyn på servicetorget i rådhuset frå og med 1. mars 2017 og fram til klagefristen er ute. Du finn også skattelista her. (PDF, 523 kB)

Det er sendt ut skattesetel for eigedomane til den enkelte eigar.

Frist for eventuell klage på utskriven eigedomsskatt for 2019 er 15. april  2019. Eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Dette gjeld berre eigedomar som har fått utskrive eigedomsskatt etter kommunal taksering.

 

Klagefristen for eigedomar med takst berekna frå formuesgrunnlag motteke frå skatteetaten er 6 veker frå skattelista er kunngjort. Dersom du meiner at Skatteetatens formuesverdi er feil, må du kontrollere opplysningane skatteetaten har om din bustad: Primærareal (P-areal), byggjeår samt bustadtype. Disse faktaopplysningane finn du under «grunnlag for likningsverdi» i skattemeldinga for 2017.

Dersom opplysningane om din bustad er feil, må du sende klage til skatteetaten. De gjeld også dersom du meiner at bustadverdien er for høg i forhold til antatt marknadsverdi.

Meir informasjon om dokumentasjon av marknadsverdi og klagemoglegheiter vedr. Skatteetatens bustadverdi finn du på www.skatteetaten.no eller telefon 800 80 000.

Utrekning av eigedomsskatt

Formuesgrunnlag (FG) frå skatteetaten er 4 gonger likningsverdien.

Grunnlaget som foreligg for skatteåret 2017 skal for 2019 multipliserast med 0,8. Dette er ein obligatorisk faktor fastsett av staten.

13.12.2018 vedtok kommunestyret ein promillesats på 3 for 2019.

Eksempel:

Likningsverdi i sjølvmeldinga er kr 750000.-

Formuesgrunnlag frå skatteetaten er då kr 3.000000.- (4x 750000.-)

 

Grunnlaget som kommunen skal forholde seg til:

Kr 3.000000.- x 0,8 = 2.400000.-

Utskriven skatt blir då kr 2.40000.- x 0,003 = kr 7200.-

 

 

Eigedomsskatten forfell i to like store terminar i mars og oktober og fakturerast saman med dei øvrige kommunale gebyra.

 

Publisert av Ole Morten Erviksæter. Sist endra 19.02.2019
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering