Høyring - gebyrforskrifter for Stad kommune

 

Publisert av Ingunn Rotihaug. Sist endra 11.09.2019

Fellesnemnda for Stad kommune sender med dette ut på høyring framlegg om gebyrforskrifter for Stad kommune. Høyringa gjeld desse forskriftene:

  • Forskrift om feie- og tilsynsgebyr
  • Forskrift om vass- og avløpsgebyr (VA-forskrift)
  • Forskrift om gebyr for reguleringsplan, byggje- og delesakshandsaming, oppmåling og eigarseksjonering (RBO-forskrift)
  • Forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll/tilsyn av mindre avløpsanlegg

Her kan du lese framlegg til gebyrforskrifter for Stad kommune og høyringsbrev

Sak om gebyrforskrifter skal handsamast i kommunestyremøte for Stad kommune 24.10.2019. Gebyrsatsane vert lagt fram for vedtak i kommunestyremøte 12.12.2019.

Høyringssvar kan du sende per e-post til post@eid.kommune.no. E-post må merkast med saksnr. 071/19.

Frist for å sende høyringssvar er 12.10.2019

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering