Høyring - Strategisk næringsplan for Eid og Selje

Utkastet til strategisk næringsplan for Eid og Selje 2018-2022 (PDF, 2 MB)er no ute til høyring.

Du er velkomen til å kome med innspel til strategidokumentet ved å sende epost til post@eid.kommune.no. Merk gjerne innspelet ditt med saksnummer: 17/2957. Frist for å kome med innspel er 29. mai 2018.

Publisert av Kristine Dahl. Sist endra 06.05.2018

Felles plan for næringsutvikling

Eid og Selje kommunar og tettstaden Bryggja med krinsane Totland, Brygga og Maurstad blir frå 1. januar 2020 Stad kommune. Kommunane har i samarbeid med Fellesnemnd for Eid og Selje utarbeidd eit utkast til felles strategisk næringsplan, og arbeidet må  sjåast i samanheng med det arbeidet som kommunane no gjer med å bygge den nye kommunen. Den strategiske næringsplanen er meint å gje retning for det felles kommunale næringsutviklingsarbeidet i tida fram mot 1. januar 2020. Næringsplanen skal på sikt inngå i ein større kommunedelplan for strategisk utvikling av Eid og Selje kommunar, der bu-, besøks- og næringsattraktivitet er tema.

Mål og strategiar

Følgjande mål er sett for kommunane sitt næringsutviklingsarbeid: «Kommunane Eid og Selje skal vere ein aktiv samfunnsutviklar som legge til rette for utvikling av eksisterande næringsliv og for nyetableringar,  slik at næringslivet oppnår forventa  auke i lokal sysselsetting». 

Fem strategiar er valde ut for å gje retning til Eid og Selje, og seinare Stad kommune si næringsutviklar-rolle:

1)            Vi skal arbeide for auka næringsattraktivitet og bulyst

2)            Vi støttar og skal arbeide for ei regionførstørring

3)            Vi skapar og satsar i lag

4)            Vi skal satse på eit berekraftig reiseliv

5)            Vi støttar grøn næringsutvikling

 

Som tillegg til strategidokumentet ligg eit kunnskapsgrunnlag (PDF, 4 MB) utarbeidd i perioden januar – mars 2018. Dette kunnskapsgrunnlaget har saman med Intensjonsavtale for nye Eid/Selje (PDF, 654 kB)kommune vore sentralt ved val av strategiar og prioriterte arbeidsoppgåver for kommunalt næringsutviklingsarbeid i tida framover.  Kommunane har av omsyn til den omfattande prosessen med kommunesamanslåing valt å avgrense seg til fem strategiar/prioriterte satsingsområde.

Sentrale dokument

Utkast stratgisk næringsplan (PDF, 2 MB)

Kunnskapsgrunnlag - næringsanalyse (PDF, 4 MB)

Styringsdokument for Fellesnemnd for Eid og Selje (PDF, 909 kB)

Intensjonsavtale for nye Eid/Selje kommune (PDF, 654 kB)

Vedtekter kommunalt næringsfond (PDF, 319 kB)

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering