Høyringsutkast org. struktur

fisk.jpg - Klikk for stort bilete

Organisasjons- og leiarstruktur for Stad kommune

Programleiar/rådmannen for Stad kommune har lagt ut framlegg til organisasjons- og leiarstruktur for den nye kommunen.

Dei administrative arbeidsgruppene i omstillingsprosjektet har i løpet av mai arbeidd med innspel til rådmannen sitt drøftingsnotat på ny organisasjonsstruktur for Stad kommune (nivå 1-3). Måndag 11. juni var gruppene samla for å presentere og drøfte innspela. Basert på dette har rådmannen no kome med utkast til to dørftingsmodellar for vidare vurdering.

Publisert av Elin Paulsen. Sist endra 20.06.2018

Utkastet vert sendt på høyring til tilsette, verneombod og fagorganisasjonar i Selje og Eid kommunar. Alle tilsette er velkomne til å kome med uttale til framlegget. Vi ber likevel om at leiarane tek ansvar for utforming av felles innspel frå si teneste/avdeling, og at tillitsvalde- og verneombod sender felles uttale på vegne av sine medlemmar/ansvarsområde.

Rådmannen i Stad vil vedta organisasjons- og leiarstrukturen innan 1. oktober 2018.

Høyringsfristen er 21. august 2018.

Innspel til høyringa skal sendast til Eid kommune på elektronisk skjema via lenka under:

INNSPEL til høyringa

Informasjon om høyringsprosessen vert også lagt ut på stad2020.no

 

Høyringsutkast - Organisasjons- og leiarstruktur for Stad kommune (PDF, 692 kB)

Omstillingsprosjektet - Innspel frå arbeidsgrupper (PDF, 972 kB)

Prosjektplan - Organisere nye avdelingar, tilsetje og innplassere tilsette (PDF, 726 kB)

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering