Interkommunal arealplan for sjøområda i Selje og Eid - varsel om oppstart og offentleg ettersyn av forslag til planprogram

Oppdrettsanlegg - Rundereim - Barmsund.jpg - Klikk for stort bilete Eid formannskap vedtok i møte 21. mars 2019, F-sak 019/19, å starte opp arbeidet med interkommunal arealplan for sjøområda i Selje og Eid og å legge forslag til planprogram ut til offentleg ettersyn.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for meir næringsaktivitet i sjøområda, utan at dette kjem i konflikt med viktige naturområder, kulturminner, verneområder eller bruken av sjøområda som rekreasjon for fastbuande og besøkande.

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 29.03.2019

Planprogrammet legg rammer for planarbeidet. Forslag til planprogram vert no lagt ut til offentleg ettersyn. Dette gjev offentlege organ, interesseorganisasjonar og andre høve til å uttale seg om problemstillingar som dei opplever som viktige i planarbeidet. Innspel til planarbeidet vil bli vurdert i samband med vedtak av planprogram.

Informasjon om arbeidet med den interkommunale arealplanen:  

I saksutgreiinga F-sak 019/19 (PDF, 402 kB)kan du finne meir informasjon om oppstart av arbeidet med interkommunal arealplan for sjøområda i Selje og Eid.

Forslag til planprogram for interkommunal arealplan for sjøområda i Selje og Eid (PDF, 2 MB).

Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de ta kontakt med Eid kommune på tlf. 57 88 58 00.

Har du synspunkt på planarbeidet?

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planarbeidet og til forslag til planprogram. Til dømes om viktige problemstillingar i planarbeidet, bruk av areal i dag, ynskje om endra bruk, viktige omsyn eller andre relevante opplysningar. Sjå eige innspelskjema (PDF, 284 kB).

Frist for å kome med uttale er sett til tysdag 21. mai 2019.

Uttale skal merkast med «Innspel til interkommunal arealplan for sjøområda i Selje og Eid» og sendast per e-post til: post@selje.kommune.no  eller post til Selje kommune, 6740 Selje.

Vidare handsaming:

Når høyringsfristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planprogrammet vert lagt fram for endeleg behandling.

Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader er det venta at planprogrammet vert lagt fram for endeleg behandling i juni 2019.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering