Kommunedelplan for ferjefri kryssing Anda - Lote

AndaLote.png - Klikk for stort bilete Kommunane Eid og Gloppen har fått utarbeida ein felles kommunedelplan for ferjefri kryssing av Nordfjorden ved Anda - Lote, som no er endeleg vedteken.

Publisert av Marte Lindberg. Sist endra 25.01.2018

Kommunedelplanen er med heimel i plan- og bygningslova § 11-15 vedteken i møte i Eid kommunestyre 09.11.2017, sak KS-145/17, og i Gloppen kommunestyre 18.12.2017, sak KOM-081/17.

Kommunedelplanen er ein arealplan som regulerer nødvendig areal for ilandføring av ulike brualternativ. Plankarta omfattar såleis berre noko areal i sjø, der bruene skal møte land. Utover dette er det sett av linjer som syner noverande hovudveg og framtidige alternative vegtrasear både for bruer, tunnel og veg. 

Plandokument og tilhøyrande saksdokument:

Planomtale med konsekvensutgreiing og føresegner (PDF, 3 MB)

Plankart Lote - Lotsberg (PDF, 2 MB)

Plankart Anda (PDF, 810 kB)

Sakspapir med vedtak, Eid kommune (PDF, 680 kB)

Sakspapir med vedtak, Gloppen kommune (PDF, 4 MB)

 

Vedtaket kan ikkje påklagast, jf. plan- og bygningslova § 11-15.

Ein gjer merksam på at eventuelle krav om erstatning og/eller innløysing vert regulert av plan- og bygningslova § 15-1.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering