Melding om vedtak – detaljreguleringsplan for Tverrgata

Fotograf: Asbjørn Tverberg
Plan-logo fotograf Asbjørn Tverberg

I medhald av plan- og byggingslova av 27. juni 2008 nr.71 § 12-12 har kommunestyret i Eid i møte 13.12.2012 i K-sak 110/12 godkjent detaljreguleringsplan for Tverrgata.

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 14.01.2013

Godkjent plan og planvedtak er tilgjengeleg i servicekontoret i Eid rådhus til 29. januar 2013. Reguleringsplan og sakspapir er også tilgjengeleg via lenkjene nedanfor. Papira kan sendast på førespurnad.

Partar eller andre med rettsleg klageinteresse har høve til å klage på vedtaket, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova. Eventuelle klager på vedtaket skal sendast til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, innan 29. januar 2012.

Fristar for krav om innløysing av grunn følgjer av § 15-2 i plan- og bygningslova. Fristar for krav om erstatning følgjer av § 15-3 i plan- og bygningslova. Kommunen har innan 10 år etter denne kunngjeringa høve til å gjennomføre oreigning for å sikre gjennomføringa av planen, jf. § 16-2 i plan- og bygningslova. Andre rettsverknader av reguleringsplanen følgjer av § 12-4 i plan- og bygningslova.

Utskrift frå møtebok i K-sak 110/12

Plandokument justerte i samsvar med vedtak

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering