Mindre endring av detaljregulering for Torvik bustadfelt - Kunngjering

Eid kommune ved teknisk- og samfunnsutvalet vedtok i møte 28. august 2018, TSU-sak 078/18, mindre endring av detaljreguleringsplan for utviding av Torvik bustadfelt. Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12, jf. § 12-14.

 

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 10.09.2018

Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

 

Plandokument og eventuelle andre utgreiingar ligg som vedlegg til TSU-sak 078/18. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de ta kontakt med Eid kommune på tlf. 57 88 58 00.

Eventuelle klager:

Partar eller andre med rettsleg klageinteresse har høve til å klage på vedtaket, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova.

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 tre veker etter denne kunngjeringa.

Merk eventuell klage med: "18/1028", og send per e-post: post@eid.kommune.no eller brev til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Etter at klagefristen er ute, vil aktuelle partar bli orientert om eventuelle innkomne klager på vedtaket. 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering