Mindre endring av reguleringsplan for Løkjastranda - Melding om vedtak

I møte 3. september, vedtok Eid formannskap mindre endring av reguleringsplan for Løkjastranda, med heimel i pbl. § 12-12, jf. §12-14.

Formålet med den mindre endringa er å legge til rette for deling av tomt nr. 28 og friluftsområde mellom tomt nr. 28 og 29.

 

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 07.09.2015

Etter vedtak i Eid formannskapet sitt møte 3. september i F-sak 149/15 (PDF, 98 kB), er følgjande mindre endring utført:

Friluftsområdet mellom tomt nr. 28 og tomt nr. 29 vert endra til bustadområde. Tomteinndelinga vert justert slik at tomt nr. 27 og tomt nr. 29 får delt nytt bustadområde (som omfattar tidlegare friluftsområde og tomt nr. 28) mellom seg. Formålsgrense (og regulert tomtegrense) mot friluftsområdet i nord vert justert til å samsvare med eksisterande tomtegrense.

Saksdokument:

Plankartet med mindre endring av reguleringsplanen for Løkjastranda vedteke av formannskapet 3. september (PDF, 45 kB)

Klage:

Fristen for å klage på vedtaket er sett til tysdag 29. september 2015. Merk eventuell klage med: «14/1620», og send per e-post: post@eid.kommune.no eller brev til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering