Vedtak i namnesak 2017/518

Eid_kommune_logo.jpg - Klikk for stort bilete Kartverket har 14.10.2019 gjort vedtak om skrivemåten av stadnamn i Eid kommune

Sjå meir for liste over stadnamn som er vedtatt i denne saken og informasjon om eventuell klage.

Publisert av Anna Karete Bjørlo. Sist endra 31.10.2019

Kartverket har 14.10.2019 gjort vedtak om skrivemåten av fylgjande stadnamn i Eid kommune:

    • Midthjell (gard 103)
    • Midthjell (bruk 103/1 og 103/2)
    • Midthjellsneset (nes i sjø)
    • Midthjellsvatnet (tjørn)
    • Midthjellsvika (vik i sjø)
    • Midthjellselva (elv)
    • Midthjellsstranda (strand i sjø)
    • Midthjell kulvert (bru)
    • Hennane (namnegard, fellesnamn for gard 146, 147 og 148)
    • Ytre Hennane (gard 146)
    • Ytre Hennane (bruk 146/1, 146/2, 146/3, 146/4 og 146/5)
    • Indre Hennane (gard 147)
    • Indre Hennane (bruk 147/1, 147/2 og 147/3)
    • Øvre Hennane (hovudnamn) / Bakken (undernamn) (gard 148)
    • Øvre Hennane (bruk 148/1 og 148/2)
    • Indre Hennestøylen (seter/støl)
    • Ytre Hennestøylen (seter/støl)
    • Indre Hennevika (vik i sjø)
    • Ytre Hennevika (vik i sjø)
    • Henneskaret (skar)
    • Litleåsen (ås)
    • Furehaugane (haug)
    • Kviehaugane (haug)
    • Kviehaugen (bruk 20/16)
    • Rognhaugen (haug)
    • Orerysta (skog)

 

Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

 

Sjå vedlagt vedtaksbrev frå Kartverket for meir informajon om vedtak i dei ulike stadnamna (PDF, 594 kB).

 

Klage

Etter § 12 i lov om stadnamn kan vedtak om skrivemåten påklagast av dei som etter § 6 fyrste ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram til mottakaren, jf. § 9 tredje ledd i forskrift om stadnamn. Dersom meldinga skjer med offentleg kunngjering, tek klagefristen til frå den dagen vedtaket vert kunngjort fyrste gongen. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hjå vedtaksorganet. Det er høve til å søkja om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

 

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen. Klaga skal grunngjevast, og

grunngjevinga må omtala alle namn eller namneledd klaga gjeld.

 

Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker for endeleg avgjerd.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering