Kurs i meistring av belastning

KiB - Klikk for stort bilete

Eid og Stryn kommune arrangerer Kurs i Meistring av Belastning (KiB).

Oppstart: Torsdag 19.09.2019

Tid: 17.00 – 19:30

Stad: Eid Rådhus

Kursavgift: kr. 600- skal betalast første kursdag.

For meir informasjon og/eller påmelding , kontakt :

Linda Hopland Bergset, Stryn. Tlf: 992 88 601  linda.bergset@stryn.kommune.no

Inger Lise Nordnes, Eid. Tlf: 906 22 590  iso@eid.kommune.no

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 29.08.2019

 

 

Kurs i Meistring av Belastning (KiB) er eit kognitivt basert kurs for vaksne over 20år.

 

Kurs i Meistring av Belastning - KiB, er utarbeidd for personar som ønskjer å betre evna til å meistre belastingar i arbeidsliv og privatliv.

Målgruppa er derfor alle som har ei form for belasting som medfører at dei ønskjer eller vil ha nytte av å utvikle meistringsevna si.

Kva som blir opplevd som belasting er individuelt

Belastingar som er så omfattande at ein ikkje er i stand til å meistre dei på ein måte som ein sjølv opplever som akseptabel, kan gje stressreaksjonar.

 

Desse reaksjonane kan vere:
 

1. Emosjonelle: fråvere av humor og glede, nervøsitet, irritabilitet og motløyse

2. Fysiske: uro, mindre energi, overarbeid, søvnproblem, hovudpine, muskelsmerter eller mageproblem

3. Kognitive: bekymring, gløymsel, konsentrasjonsvanskar, tankar om eigne manglar eller avmaktskjensle,   fortviling og pessimisme

 

Målet med kurset :

Å lære metodar og teknikkar som kan nyttast for å betre meistring av belasting knytt til arbeids- og privatliv. Meistring handlar om det ein gjer for å handtere belastinga.

Kva går kurset ut på?

Kurset er basert på forståing av samanhengen mellom belasting, meistring og stress. Det blir jobba med å kartlegge eigne belastingar og eigen meistrings- og tankestil. På kurset blir kognitiv teori og metodar nytta, samt at øvingar er ein viktig del av kurset.

Praktisk informasjon

Kurset blir leia av trena og godkjende kursleiarar. Kurset går over 8 gongar + 2 oppfølgingsmøter, kvar samling på 2,5 timar per veke. Det er vanlegvis 8-14 deltakarar på kvart kurs. Kursboka, Kurs i meistring av Belastning, er obligatorisk og blir brukt aktivt gjennom heile kurset.

Informasjon om KiB

KIB er utarbeidd for vaksne som har behov for og ønskjer å betre evna til å meistre stor belasting. Dette gjeld belasting knytt til sjukemelding/attføring, arbeidssituasjon, som pårørande, helseplager eller annan belasting i privatlivet.

KIB er eit læringsorientert tiltak, utarbeidd til bruk innanfor til dømes NAV, arbeidsmarknadsbedrifter, HMS-verksemder, meistringssentra, primærhelsetenesta eller andre, for å nå målgrupper som har behov for denne typen tiltak.

Målet er at kursdeltakaren skal kartlegge eigne belastingar og eiga meistring av desse, for å vidareutvikle eigen meistringsdugleik.

 

Metode

Kurset er basert på kognitiv åtferdsteori og kunnskap om stress, belasting og meistring. Ein følgjer kursboka "Kurs i Mestring av Belastning - eit kurs basert på kognitiv metode".

Kursopplegget er utvikla av psykolog Trygve Arne Børve, psykiatrisk sjukepleiar Anne Nævra og professor i psykiatri Odd Steffen Dalgard.

Kursleiaropplæring er økonomisk støtta av Helsedirektoratet, og den blir gjennomført over heile landet i regi av Fagakademiet.

 

Les meir informasjon om Kurs i Meistring av Belastning (KIB) på heimesidene til

 
 
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering