Kurs i tilskotsportalen tysdag 9. mai 2017 kl. 18:00 - 20:00

Kurs i tilskotsportalen for lag og organisasjonar - Klikk for stort bilete Eid kommune abonnerer på Tilskotsportalen. Dette er ein portal som har samla minst 2500 ulike tilskotsordningar, og blant desse også ordningar som kan vere aktuelle å søkje på for lag og organisasjonar. 

Publisert av Gerd Fløde Bjørlo. Sist endra 21.04.2017

Tysdag 9. mai kjem Per Egil Bakke frå Tilskuddsportalen for å halde eit inspirasjonskurs for oss til å ta i bruk portalen. Kurset er i kommunestyresalen i Eid rådhus.

Set av dagen og meld deg på til frivilligsentralen i Eid på post@eid.frivilligsentral.no innan den 8. mai 2017.

Ta med PC, nettbrett eller smarttelefon slik at du kan logge deg inn og teste ut bruken i løpet av kurset.

Her er nokre suksesshistorier der lokale lag har brukt portalen og fått midlar:

Korpsforum Eid har klart å skaffe minst kr. 70.000 til Rocka korpsstemne

Elskhug og Eksis fann fleire tilskotsordningar som dei kunne søkje på

Rockeskulen i Eid hadde ikkje eksistert hadde det ikkje vore for Tilskotsportalen 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering