Martha Pavelich tildelt Drømmestipendet

Drømmestipend_Martha Pavelich.jpg - Klikk for stort bilete

Martha Pavelich (18) frå Eid er tildelt Drømmestipendet 2018 på 15.000 kroner frå Norsk Tipping og Norsk Kulturskuleråd.

Prisen vart delt ut i Operahuset Nordfjord 7. juni 2018, på Kulturskulen i Eid sitt Sommarshow.

Martha Pavelich har vore aktiv i kulturlivet i Eid sidan ho var 6 år gammal, både i sang, dans (både ballett og hiphop) og på piano, bratsj og andre instrument.

Ho har trass sin unge alder bak seg ei rad hovudroller i musikalar, har vore med i ei rekkje av Opera Nordfjord sine oppsetjingar - mellom anna i ei av hovudrollene i operaen "Sildagapet" i 2017. Ho er også med i bandet Indigo Child, som har vore med i Landsfestivalen til Ungdommens Kulturmønstring (UKM), vunne Drømmestipendet som band og opptrådd i MGP Junior-finalen i 2017.

Martha er denne våren avgangselev ved Eid vidaregåande skule, og er til hausten tatt inn som elev på Brighton Institute for Contemporary Theater Training (BRICTT) i England. 

Foto frå venstre: Lars-Hilmar Steinberg (Norsk Tipping), Martha Pavelich, Alfred Bjørlo (ordførar i Eid) og Dan Aasebø (rektor i Kulturskulen i Eid).

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 08.06.2018

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering