Melding om vedtak – privat reguleringsplan for Hjellekrysset

Fotograf: Asbjørn Tverberg
Plan-logo fotograf Asbjørn Tverberg

I medhald av plan- og byggingslova av 27. juni 2008 nr.71 § 12-12 har kommunestyret i Eid i møte 23. juni 2011 i K-sak 60/11 godkjent privat reguleringsplan for Hjellekrysset.

Godkjent plan og planvedtak er tilgjengeleg i servicekontoret i Eid rådhus til 18. oktober 2011. Dokumenta finn du også via lenkjer på denne sida.

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 30.09.2011

Partar eller andre med rettsleg klageinteresse har høve til å klage på vedtaket, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova. Eventuelle klager på vedtaket skal sendast til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, innan 18. oktober.

Fristar for krav om innløysing av grunn følgjer av § 15-2 i plan- og bygningslova. Fristar for krav om erstatning følgjer av § 15-3 i plan- og bygningslova. Kommunen har innan 10 år etter denne kunngjeringa høve til å gjennomføre oreigning for å sikre gjennomføringa av planen, jf. § 16-2 i plan- og bygningslova. Bygge- og anleggstiltak med heimel i planen skal settast i gang innan fem år etter vedtaksdato - jf. § 12-4 i plan- og bygningslova. Andre rettsverknader følgjer av § 12-4 i plan- og bygningslova.

Tenestestad (1)
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering