Mindre endring av detaljreguleringsplan for Moengården Vest - Melding om vedtak

Moengården Vest mindre endring - Utsnitt som syner mindre endring - Klikk for stort bilete Eid kommune ved teknisk- og samfunnsutvalet, vedtok i møte 22. desember 2016, TSU-sak 116/16 mindre endring av detaljreguleringsplan for Moengården Vest. Med heimel i plan- og bygningslova (Pbl.) § 12-12, jf. Pbl. § 12-14.

Formålet med endringa var å tilpasse vegløysinga i planområdet.

Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området. 

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 02.01.2017

Meir informasjon om vedteken planendring:

Under er det lagt inn eit utsnitt som syner den mindre endringa, der vegarealet vart justert mot nord.

Moengården Vest mindre endring - Utsnitt som syner mindre endring - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her kan du lese saksutgreiinga for TSU-vedtak 116/16 (PDF, 477 kB).

 

Eventuelle klager:

Partar eller andre med rettsleg klageinteresse har høve til å klage på vedtaket, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova.

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til fredag 27. januar 2017.

Merk eventuell klage med: «16/21468», og send per e-post: post@eid.kommune.no eller brev til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering