Nasjonal tilskotsordning til inkludering av barn i lavinntektsfamilier

Barnefattigdom.jpg - Klikk for stort bilete Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har 292 millionar kroner til fordeling til tiltak til inkludering av barn i lavinntektsfamilier. Søknadsfrist er 10. desember 2018. 

Publisert av Elin Leikanger. Sist endra 01.11.2018

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskuddsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre mulighetene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktiviteter, uavhengig av foreldrene si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstea eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mulig ha lave eller ingen kostnader.

Det kan søkjast om tilskot til tiltak som:

a. bidreg til at barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem og familiane deira kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar

b. bidreg til at barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem og familiane deira kan delta i ferieaktivitetar

c. bidreg til deltaking for barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem på alternative meistringsarenaer

 Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om midlar. Alle søknader skal sendast Bufdir via Altinn innan 10. desember 2018. Lenke til søknadsskjema finn du på Budir sin søknadsportal

Innkomne søknader vert sendt kommunen samla frå Bufdir, og kommunen skal prioritere mellom søknadane. Tildeling av midlar skal vere klart i slutten av mars 2018. For meir informasjon om ordninga, sjå Bufdir si heimeside

Kontaktperson for Eid kommune er Elin Leikanger, epost elin.leikanger@eid.kommune.no

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering