Nordfjordbrua Anda-Lote inviterer til konkurranse

Nordfjordbrua.jpg - Klikk for stort bilete

Nordfjordbrua Anda-Lote:
Inviterer til konkurranse om forslag til bruløysing

Nordfjordbrua AS har lyst ut ein tilbudkonkurranse for å få inn forslag til konsept for bru mellom Anda og Lote i Nordfjord. Konkurransen er lyst ut på den offentlege anskaffingsportalen Doffin, der selskapet inviterer til å gje tilbod på utarbeiding av 3 D-modell og teknisk og økonomisk konsept for planlegging og  seinare realisering av Fjordkryssinga.

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 07.02.2019

- Dette er ein ny milepæl fram mot realisering av bru mellom Anda og Lote, seier styreleiar i Nordfjordbrua AS, Alfred Bjørlo. - Det er for tida ei rivande teknologisk utvikling innanfor bru-bransjen, mellom anna drive fram av Statens Vegvesen sine utviklingsprosjekt knytt til ferjefri E39. - Nordfjordbrua Anda-Lote er eit prosjekt som passar godt for mange av dei nye teknologiske løysingane og metodane som no blir utarbeidde i marknaden. Vi er difor svært spente på responsen i konkurransen som no blir utlyst, seier Alfred Bjørlo.

Nordfjordbrua as gjennomførde hausten 2018 ein emisjon for å finansiere eit forprosjekt for Fjordkryssinga Anda Lote. Emisjonen var vellukka og aksjekapitalen er no auka med over 3 millionar kroner, med eit breitt spekter av bedrifter og privatpersonar i regionen som nye aksjonærar. Nordfjordbrua vidarefører emisjonen fram til generalforsamling i vår, slik at endå fleire skal få høve til å bli aksjeeigar i selskapet.

Selskapet har tidlegare utarbeidd  Trafikk- og finansieringsanalyse for Nordfjordbrua Anda-Lote som syner  at Nordfjordbrua er eit ferjeavløysingsprosjekt med stort trafikkgrunnlag og sterke positive effektar for nærings- og samfunnsutvikling.

Selskapet har hatt møte med SVV regionalt , Kystverket og  Samferdelsedepartementet og har fått klarsignal frå Samferdsledepartementet til å arbeide vidare med planane for realsiering Anda Lote som eit ferjeavløysingsprosjekt.

- Vårt mål no er å få fram eit best mogleg samla grunnlag for å få godkjenning av bruløysing, finansiering og organisering av prosjektet. Det blir også ei viktig oppgåve å få forankring og støtte for fjordkryssinga i nye Vestland fylkeskommune som eit ferjeavløysingsprosjekt som er med å binde nye Vestland fylke saman, seier Alfred Bjørlo.


Kontakt for informasjon: 
Styreleiar Alfred Bjørlo Mobil: 480 82 652
Dagleg leiar  Jan Olav Tryggestad Mobil: 91 160 299

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering