Ny folketalsrekord i Eid - veks nest mest i Sogn og Fjordane

Bilde1.png - Klikk for stort bilete

Nye tal frå SSB syner at folketalet i Eid ved utgangen av mars 2019 er 6.167. Det er 16 personar fleire enn ved årsskiftet, og det høgaste folketalet i Eid registrert nokon gong.

Av alle kommunane i Sogn og Fjordane er det berre Sogndal som har høgare folketalsvekst så langt i 2019.

 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 20.05.2019

- Det er gledeleg å sjå at den sterke folketalsutviklinga i Eid dei siste åra held fram. Langsiktig satsing på å legge til rette for bustadbygging og nye næringsetableringer gjev resultat. Vi har blitt ein stad som det er attraktivt å flytte til, og som er rigga for å ta imot endå mange fleire nye innbyggjarar i åra framover. Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Den viktigaste årsaka til folketalsveksten så langt i 2019 er netto innflytting frå andre kommuner i Noreg. Det har også vore netto innflytting frå utlandet til Eid, og eit lite fødselsoverskot.

- Med ein ny og større kommune frå 2020 er vi endå betre rusta til å halde fram utviklinga og veksten, også ved å ta ut det store potensialet for ny næringsetablering og tilflytting knytt til kysten og havet. Vekst i folketalet er viktig ikkje berre for dei nye som kjem til oss, men også for å kunne halde fram å gje gode tenester til dei som bur her frå før, seier ordførar  Alfred Bjørlo.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering