Ny org. og leiarstruktur Stad kommune

Omstillingvedtak.jpg - Klikk for stort bilete

Kommunalsjefar og stabsleiarar er innplasserte

Det har i haust vore gjennomført kartleggingssamtale og intervju av alle kommunalsjefar og stabsleiarar i Eid og Selje kommunar i høve innplassering i stillingane som kommunalsjefar og stabsleiarar i Stad kommune frå 1.1.2020. Avgjersle på innplassering er no klar.

Publisert av Elin Paulsen. Sist endra 14.11.2018

To av dei aktuelle kommunalsjefane til stillinga som kommunalsjef for Helse og omsorg, Ragna Haaland og Kari Krogh, har meldt i frå om at dei ikkje ønskjer å fortsetje som kommunalsjef i Stad kommune. Kari Krogh har ønskje å slutte i Eid kommune i løpet av 2019 og Ragna Haaland har sett fram ønskje om ei rådgjevarstilling innan hennar kompetanseområde. Stillinga som kommunalsjef for kommunalområde Helse og  omsorg har vore lyst ut internt i Eid og Selje kommunar, og det var ein søkjar til stillinga. Det er skrive innstilling, med grunngjeving,  i tilsetjingssakene av programleiar, som grunnlag for drøfting i møte med dei tillitsvalde 2.11.2018.

Tilsetjing:
1. Harald Sivertsen er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde
oppvekst og opplæring frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
2. Elin Leikanger er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde areal
og eigedom frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
3. Kristine Dahl er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde
kultur og samfunn frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
4. Barbro Longva er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde Helse
og omsorg, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
5. Ole Starheim er tilsett i 100 % fast stilling som leiar for stabsområde økonomi frå 1.1.2020,
med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
6. Ingunn Rotihaug er tilsett i 100 % fast stilling som leiar for stabsområde personal og kommunikasjon
frå 1.1.2010, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
7. Kristin Otneim Aarsnes er tilsett i 100 % fast stilling som leiar for stabsområde strategi og
samordning frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
8. Ragna Haaland er tilsett i 100 % stilling som rådgjevar for stabsområde strategi og samordning
frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset i Selje

Info.skriv (PDF, 480 kB)