Nye gardskart

img_3873.jpg
img_3873.jpg

2. gongs kvalitetssikra jordregister er klart. Det vil ikkje bli produsert nye papirkart, men du kan finne kartet for din eigedom på internett.

Ved å følgje denne lenka; http://gardskart.skogoglandskap.no/ngnijos/search?action=none, der du vel fylke, kommune, gardsnummer og bruksnummer, skal du får opp kart over t.d. din eigedom.

Jordregisteret er produsert på nytt etter at kommunen har oppdatert/retta eigedomskart (matrikkelen), markslagskart (AR5) og grunneigedomstabellen i landbruksregisteret.

Vi har prøvt å rette opp mest mogleg av det som vart meldt inn til oss innan fristen, men det kan framleis vere feil i karta. Det er då viktig at de tek kontakt med underteikna, sånn at vi kan få retta opp kartgrunnlaget.

 

Publisert av Trine Alme. Sist endra 08.07.2011