Nye leiarar i Heimetenesta

Siri_Sandra.png - Klikk for stort bilete Siri Skjølberg er tilsett som assisterande avdelingsleiar i heimetenesta frå 01.03.18. Siri  Skjølberg er utdanna ergoterapeut og sjukepleiar og kjem frå ei stilling som fagleiar i heimetenesta i Bremanger kommune. Ho har tidlegare arbeidd i heimeteneste og ved sjukeheim i Oslo. Siste året har ho arbeidd i ein bustad for menneske med nedsett funksjonsevne. Skjølberg er frå Bremanger, men buset seg på Haugen med mann og to born i 2018.

Sandra Osnes Kriken er tilsett som fagleiar i heimetenesta frå 04.06.18. Ho er utdanna sjukepleiar med vidareutdaning i psykiatri. Ho kjem frå ei stilling som sjukepleiar ved tryggleiksavdelinga ved Sandviken sykehus i Bergen. Ho har også erfaring frå Neurokirurgisk avdeling ved Haukeland sykehus. Sandra Osnes Kriken er frå Åheim i Vanylven kommune, men flyttar til Nordfjordeid med mann og eitt born i 2018.

Vi er stolte og glade over å ønskje to nye leiarar og heile sju nye innbyggjarar velkomne til kommunen! 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 04.12.2017
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering