Nytt frå kommunestyret i Eid 5. oktober 2017

Møteklubbe.jpg - Klikk for stort bilete

Kommunestyret i Eid hadde møte torsdag 5. oktober 2017. Kommunestyret gjorde mellom anna desse vedtaka:

Les meir

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 12.10.2017

Ja til friluftsråd i Nordfjord
Kommunestyret vedtok at Eid kommune skal vere med i etableringa av eit nytt friluftsråd for Nordfjord frå 2018.  Målet med friluftsrådet er å gje større økonomisk handlingsrom for satsing på friluftsliv, samt å betre kompetansen og kvaliteten innan arbeidet med å legge til rette for friluftsliv i Nordfjord. Kostnaden for Eid kommune i oppstartsåret er 62.000 kroner. Alle kommunane i Nordfjord skal i løpet av hausten ta stilling til om dei vil vere med i det nye friluftsrådet.

Ja til grensejustering for Bryggja
Kommunestyret i Eid tilrår at det vert gjennomført grensejustering slik at krinsane Totland, Bryggja og Maurstad vert del av nye Stad kommune frå 1. januar 2020.  Grensejusteringa omfattar ca 550 innbyggjarar i dagens Vågsøy kommune - som frå 1. januar 2020 blir del av nye Kinn kommune.

Saka er sendt ut på høyring av Fylkesmannen på bakgrunn av eit innbyggjarinitiativ frå Bryggja Utviklingslag. Ei spørjeundersøking gjennomført på oppdrag av Telemarksforsking syner at 79% av innbyggjarane på Bryggja er positive til å bli del av Stad kommune, medan 14% er positive til å bli del av Kinn kommune.  I oppsummeringa frå Telemarksforsking heiter det:

"Dersom Bryggja blir del av Stad kommune framfor å bli med i Kinn kommune, vil innbyggjarane ut frå ekspertutvalets kriterier bli ein del av ein meir funksjonell og integrert kommune med kortare avstandar samanlikna med Kinn. Sterkare tilknyting og identitet i høve til Stad kan og vera positivt for lokalpolitisk engasjement og medverknad."

Samarbeidsavtale med Eid Idrettsråd
Kommunestyret vedtok  å inngå ein samarbeidsavtale mellom Eid kommune og Eid Idrettsråd. Det er fyrste gong Eid kommune og idrette i Eid inngår ein slik samarbeidsavtale.

Måla med avtalen er å fremje felles mål om idrett, fysisk aktivitet og folkehelse for alle i kommunen,  sikre god samordning og kommunikasjon mellom kommunen og idretten og å sikre god ressursutnvtting av offentlege midlar til idrettsanlegg og aktivitet.

Strategiplan for drift og vedlikehald av kommunale bygningar
Kommunestyret i Eid vedtok ein overordna strategi for vedlikehald av kommunen sine eigedomar.  Det er også i samband med strategien laga eit samla oversyn over den kommunale eigedomsporteføljen med registrering av bygningsstandard og vedlikehaldsetterslep.

Eid kommune har ei samla bygningsmasse på ca 40.000 m2. Eid kommune si bygningsdrift er i følgje strategiplanen areal- og kostnadseffektiv - kommune har lågare bygningsareal pr innbyggjar og lågare drifts- og vedlikehaldskostnader pr kvadratmeter enn samanliknbare kommuner.  Kommunen har tidlegare ikkje hatt ein samla strategiplan for den kommunale bygningsmassen.

Sykkelstrategi for Eid kommune: Sykle i Eid
Kommunestyret vedtok  den aller første sykkelstrategien for Eid kommune: Sykle i Eid. Målet med strategien er å legge til rette for auka sykkelbruk i Eid, av omsyn til helse, miljø og å skape eit meir triveleg og sosialt lokalsamfunn. Born og unge og tilsette i Eid kommune er peika spesielt ut som målgrupper i planen. I planen er det sett følgjande konkrete mål for fleire kvardagssyklistar i Eid:
• Innan 2020 skal halvparten av elevane ved Eid ungdomsskule og Eid vidaregåande skule gå eller sykle tre eller fleire dagar i veka
• Innan 2020 skal 1 av 10 reiser på vegane i skuleområdet på Nordfjordeid utførast med sykkel.
• Innan 2020 skal det vere etablert tilgang til utlån av sykkel til bruk i skulen.
• Innan 2020 skal alle kommunale institusjonar i Nordfjordeid sentrum ha tilgang på sykkel som kan nyttast i arbeidstida.

Pilotkommune for primærhelseteam
Kommunestyret vedtok at Eid kommune skal søke om å delta i ei nasjonal forsøksordning med primærhelseteam, etter invitasjon frå Helse- og omsorgsdepartementet. Eid legg også inn i søknaden eit ønskje om å delta i prosjekt om avstandsoppfølging av pasientar.

Primærhelseteam er kort sagt ei tverrfagleg styrking av fastlegeordninga: Legar, sjukepleiarar, helsesekretærar og evt. anna helsepersonell skal arbeide teamretta med og for innbyggjarar og pasientar.

I samband med utlysinga av forsøksordninga, uttalte Helse- og omsorgsminister Bent Høie følgjande: "- Søkjer Eid og tilfredsstiller krava, vil eg sørge for at Eid kjem med som ein samla pilot for digital avstandsoppfølging og primærhelseteam. Det betyr at Eid kan bli dei første i landet som gir kronisk sjuke digital oppfølging heime, og som vert følgd opp av eit primærhelseteam leia av fastlegar.»

Budsjettendringar for 2017
Kommunestyret vedtok endringar i kommunebudsjettet for 2017 på til saman ca 4,4 mill NOK - med balanse mellom auka utgifter/reduserte inntekter og auka inntekter/reduserte utgifter.

Lønsbudsjettet til heimetenestene vart auka med 0,8 mill NOK på grunn av auka oppgåver og trong for ekstra bemanning på kveld Driftsbudsjettet til Hogatunet omsorgssenter  vart auka med 1,3 mill NOK på grunn av trong for innleige av vikarar utover opprinneleg budsjett for å kunne yte forsvarlege tenester.

Kommunal vigsel
Kommunestyret vedtok at kommunestyresalen i Eid Rådhus skal vere Eid kommune sitt seremonilokale når kommunane overtek vigselsretten fro borgarleg vigsel frå 1. januar 2018.

Det betyr at kommunestyresalen blir stilt tilgjengeleg kostnadsfritt for par som ynskjer borgarleg vigsel i Eid, men det vil sjølvsagt framleis vere mogleg å gifte seg andre stader for dei som ynskjer det. Ordførar og varaordførar har vigselsrett. I tillegg vedtok kommunestyret delegert vigselsmynde til rådmannen, som igjen kan delegere det vidare til eit avgrensa tal tilsette.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering