Nytt frå kommunestyret i Eid 8. november 2018

Møteklubbe_Eid.png - Klikk for stort bilete

Kommunestyret i Eid hadde møte 8. november 2018. Kommunestyret handsama 18 saker, og gjorde mellom anna desse vedtaka. Her kan du sjå alle saker og vedtak frå møte i kommunestyret 08.11.2018.

I samband med kommunestyremøtet var det orienteringar frå Politiet om ungdom og rusmiddelbruk, og frå Sivilingeniør Kjell Gurigard om Energisparekontrakter (EPC).

 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 09.11.2018

Utviding av offentleg vatn- og avløpsnett til Os
Kommunestyret vedtok at Eid kommune skal legge ny hovudeledning for vatn og avløp til Nedre Os, etter felles søknad frå dei 11 oppsitjarane i området. Utbygginga vil gi ei sikker vassforsyning og ei meir miljøvenleg avfallshandtering. Tiltaket vere avhengig av løyvingar i inversteringsplanen, og vil utløyse tilknytingsplikt for huseigarar i området.

Trampolinepark i Nordfjordeid sentrum
Eid Ungdomsråd har teke initiativ til etablering av eit trampoline-anlegg i Nordfjordeid sentrum, slik ein m a har etablert i Sogndal. Kommunestyret vedtok at ein ynskjer eit slikt anlegg plassert i Kyrkjeparken nær den eksisterande Klatreparken, og at ein skal gå vidare med utarbeiding av eit konsept som kan få 50% finansiering gjennom spelemidlar. Finansiering vil bli vurdert i samband med budsjett- og økonomiplan-arbeid.

EPC (Energisparekontrakter) i Eid kommune
Kommunestyret vedtok å gjennomføre energisparetiltak i kommunale bygg avdekka i analyser gjennomført av AF Energi- og Miljøteknikk AS som del av eit EPC-prosjekt. Endeleg omfang av tiltaka vil bli fastsett i samband med budsjett- og økonomiplanarbeid, men det er i utgreiinga skissert ein mulig pakke med ca 60 tiltak i 12 kommunale bygg med ei samla investering på 12 mill kr MVA. Desse tiltaka vil vere sjølvfinansierande gjennom reduserte driftsutgifter og lågare energibruk.

Utgreiing av kvikkleiresoner
Eid kommune har i samband med reguleringsplanarbeid for skule- og idrettsområdet fått gjennomført kvikkleirekartlegging i deler av Nordfjordeid sentrum. Det er teke over 40 nye grunnundersøkingar, og utført nye stabilitets-bereikningar.

For to område er det ikkje funne tilfredsstillande berekningsessig tryggleik. Her kan det vere trong for tiltak for å betre stabiliteten i området, men dette vil bli undersøkt nærare med supplerande undersøkingar.

Fråsegner om Stad Skipstunnel og Statens Vegvesen sin trafikkstasjon
Kommunestyret vedtok fråsegner med krav om oppstartsløyving til Stad Skipstunnel i 2019, og om å halde oppe og styrke fagmiljøet på Statens Vegvesen sin trafikkstasjon på Nordfjordeid (sjå vedlegg).


Nordfjordeid, 8. november 2018

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering