Nytt frå kommunestyret i Eid 9. november 2017

Møteklubbe.jpg - Klikk for stort bilete

Kommunestyret i Eid hadde møte 9. november 2017.

Kommunestyret gjorde mellom anna desse vedtaka. Vedtaka var samrøystes der ikkje anna framgår. Alle saker og vedtak kan lesast på Eid kommune si heimeside.

 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 13.11.2017

Plan for brukryssing Anda-Lote
Kommunestyret vedtok ein kommunedelplan for brukryssing av Nordfjord mellom Lote i Eid og Anda i Gloppen kommune.  Planen regulerer og set av nødvendig landareal på begge sider av fjorden for ilandføring av tre ulike brualternativ. Planen er utarbeidd i samråd mellom Eid og Glippen kommune og selskapet Nordfjordbrua AS, som arbeider for ei ferjefri kryssing av Nordfjorden mellom Anda og Lote.

Planutkastet har vore på høyring til mellom anna Statens Vegvesen, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen, og er no ein juridisk bindande plan etter plan- og bygningslova.

Masseuttak i Hjelmelandsdalen
Kommunestyret i Eid vedtok å legge ut på offentleg ettersyn eit privat framlegg til detaljreguleringsplan for masseuttak i Hjelmelandsdalen. Det akutuelle området er på omlag 50 dekar, og samla uttak er berekna til ca 700.000 m3.

Planframlegget vart lagt fram for kommunestyret for avgjerd etter å ha blitt avvist av teknisk- og samfunnsutvalet. Kommunestyret vedtok med 18 mot 11 røyster å legge planen ut til offentleg ettersyn.

Kjøp av areal til bustadfelt på Stårheim
Kommunestyret vedtok  å godkjenne avtale om kjøp av grunn til utviding av Torvik bustadfelt på Stårheim. Planen er å starte opp arbeidet med det nye kommunale bustadfeltet i 2018.

Aktivitetskort for born i familiar med dårleg økonomi
Kommunestyret sette i budsjettet for 2017 av 25.000 kroner til ei prøveordning med aktivitetskort for born i familiar med dårleg økonomi. Kommunestyret har no vedtatt at ordninga skal vere som følgjer:
• Gratis klippekort til symjehallen og to kinobillettar i halvåret til barn av sosialhjelpsmottakarar og flyktningar i introduksjonsordninga (6-19 år)
• Støtte til sikkerhetskurs for kajakk/padling i regi av den nye utstyrsparken for barn og ungdom i Eid (BUA)
Gratis vigsel i Eid Rådhus
Kommunane overtek frå 1. januar 2018 ansvaret for borgarleg vigsel. Kommunestyret har tidlegare vedteke at kommunestyresalen i Eid Rådhus skal vere Eid kommune sitt seremonilokale. Kommunestyret vedtok no at det skal vere gratis for alle å gifte seg i Eid Rådhus, uansett om ein bur i Eid kommune eller ikkje.

Kommunestyret vedtok óg å oppnemne tre vigslarar i tillegg til ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Kirsti Ohrvik Olsen. Det er Åslaug Krogsæter, Geir Holmen og Gerd Fløde Bjørlo.  Desse fem vil frå 1.1.2018 kunne vie folk borgarleg på vegne av Eid kommune.

Fleire barnehageplassar i Kjølsdalen
Kommunestyret vedtok å auke tal barnehageplassar i Kjølsdalen Montesorribarnehage frå 27 til 30. Årsaka er tilflytting av fleire barnefamiliar til bygda og auka barnetal.

Nye vegnamn i Eid
Eid kommune har i lang tid arbeidd med å gi alle innbyggjarar i kommunen ei vegadresse. I dag er det berre Nordfjordeid sentrum som har vegnamn og vegadresser.

Kommunestyret har no vedtatt å setje namn på 84 vegar/adresseparsellar i heile Eid kommune.

Det gjer at alle innbyggjarar i Eid no har fått eit vegnamn der dei bur, unnateke tre område der Kommunestyret vedtok å sende saka attende til Namnenemnda for ny vurdering. Det gjeld Myroldhaugen/Myroldhaug i Nordfjordeid sentrum, Hundeide og Hundvik (Hundvikvegen) og Tippaåsen på Haugen.

Av dei 84 vegnamna Kommunestyret no har vedteke, følgjer 78 tilråding/pålegg om skrivemåte frrå Stadnamna for Vestlandet. Seks vedtekne vegnamn følgjer ikkje tilrådd/pålagt skrivemåte frå Stadnamntenesta. I desse tilfella vil Eid komune reise namnesak for å få ønskt skrivemåte godkjent. Det gjeld vegnamna Lisjeåsen, Furehogvegen, Kviehogvegen, Rognhogvegen, Midthjell og Hennjetuna.

Valsaker
Kirsti Ohrvik Olsen (Venstre) vart vald som ny medlem i formannskapet i Eid og ny varaordførar etter Eli Førde Aarskog (Høgre), som har flytta frå kommunen. I val av varaordførar vart Siri Sandvik (Ap) stilt som motkandidat, og Kirsti Ohrvik Olsen vart vald med 15 mot 14 røyster.

Kommunestyret valde også Ove Kjøllesdal (Høgre) som ny medlem og nestleiar i Teknisk- og Samfunnsutvalet etter Oddvin Hansen (Høgre), som også har flytta frå kommunen.


Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering