Nytt frå kommunestyret i Eid juni 2019

Møteklubbe_Eid.png - Klikk for stort bilete

Kommunestyret i Eid hadde møte 20. juni 2019. Kommunestyret handsama 19 saker, og gjorde mellom anna desse vedtaka. Vedtaka var samrøystes der ikkje anna framgår. Her kan du sjå alle saker og vedtak.

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 21.06.2019

Tiltaksstrategi for nærings- og miljøtiltak i skogbruket
Eid kommune har eit totalt skogareal på om lag 189 500 dekar. Om lag 85 800 dekar av dette er produktivt/driveverdig. Kommunestyret vedtok ein ny tiltaksstrategi for å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket som også stettar utvikling av skogen sine miljøverdiar. Ut frå tiltaksplanen kan skogeigarar i Eid mellom anna få støtte til ungskogpleie, planting og ulike miljøtiltak.

Nytt vegnamn: Myrholdhaugvegen
Kommunestyret vedtok i 2018 vegnamn i samband med innføring av gateadresser i heile Eid kommune. Statens Kartverk klaga i samband med det på kommunestyret sitt vedtak av namnet «Myroldhaug» i Nordfjordeid sentrum, og meinte at namnet bør vere «Myroldhaugen». Namnenemnda i Eid har ut frå dette tilrådd at ein vel namnet «Myroldhaugvegen», som staten tidlegare har signalisert at dei kan godta. Kommunestyret slutta seg til dette. 

Klage på vedtak av masseuttak i Hjelmelandsdalen
Kommunestyret vedtok i juni 2018 å godkjenne ein privat reguleringsplan for masseuttak i Hjelmelandsdalen. Bebuarane i området har klaga på avgjerda. Kommunestyret vedtok å ta klagen til følgje. I fleirtalsvedtaket (19 mot 10) vart det synt til at bakgrunnen for å ta klagen til følgje er at årleg uttaksvolum i driftskonsesjonssøknaden er vesentleg høgare enn det som var oppgjeve som forventa uttaksvolum i driftsplan og i detaljregulering: 15000 m3 mot 2-3000 m3. Fleirtalet vil sjå på saka på nytt dersom tiltakshavar søkjer om opprinneleg uttaksvolum.

Godkjenning av Stokkenestunet bustadfelt
Kommunestyret vedtok eit privat framlegg til detaljreguleringsplan for Stokkenestunet budstadfelt på Nordfjordeid, med visse tekniske justeringar og med føresetnad om at det blir gjort naudsynt sikring av området mot golfballar på avvege frå den nærliggande golfbana. Bustaddelen av området er på omlag 14 mål, og tiltakshavar ser føre seg utbygging av mellom 15 og 25 bueiningar på området.

Breiband til Heggjabygda, Lote og Hennebygda
Kommunetyret vedtok å lyse ut konkurranse for utbygging av breiband i Heggjabygda, Lote og Hennebygda, og å løyve 1,19 mill kr til utbygginga frå kommunen sitt disposisjonsfond. Bygdene som no skal få breiband har til saman ca 130 husstandar, og svært dårleg nettdekning i dag.

Ekstra låneopptak Sagastad
Kommunestyret vedtok eit ekstra låneopptak på 8 mill kr for ekstra finansiering av Sagastad-bygget, som har blitt bygd av Eid Industrihus KF.  Det pågår for tida ei reklamasjonssak for ekstrarekninga på bygget. Medan denne saka pågår er byggherren i fyrste omgang pliktig til å dekke uteståande ekstrakostandar til leverandørar, og dette er bakgrunnen for det ekstra låneopptaket

Vassforsyning Heggjabygda
Eid kommunestyre vedtok å starte utbygginga av ny vassforsyning til Heggjabygda i 2019. Heggjabygda har i dag eit privat vassverk, men blir no tilknytt det nye kommunale hovudvassverket i Eidsdalen med vatn frå Hornindalsvatnet.  Prosjektet har ei samla kostnadsramme på ca 12 mill kr, som er ca 4 mill kr meir enn opprinneleg føresett.

Kommuenstyret delte også ut blomar og gåve til tilsette som har 25-årsjubileum som tilsette i Eid kommune, og KS sitt heidersmerke til tilsette som går av med pensjon etter minst 30 års tilsetjing i Eid kommune. Ordføraren delte også ut blomar og gåve til Oline Challen, som er lærling i Eid kommune og vann yrkes-NM i helsearbeidarfaget tidlegare i år.

Nordfjordeid, 20. juni 2019

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid