Nytt frå kommunestyret i Eid mai 2019

Møteklubbe_Eid.png - Klikk for stort bilete

Kommunestyret i Eid hadde møte 9. mai 2019. Kommunestyret handsama 20 saker, og gjorde mellom anna desse vedtaka. Vedtaka var samrøystes der ikkje anna framgår. Her finn du alle saker og vedtak. 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 10.05.2019

Kommunal garanti til Harpefossen Skisenter
Kommunestyret vedtok å gje ein kommunal garanti på 1,6 millionar kroner for lån selskapet ynskjer å ta opp i lokal bank i 2019. Lånet skal gå til å dekke betaling for utestående fordringar og dekking av venta utgifter sommaren 2019, på bakgrunn av lågare inntekter for skisenteret enn budsjettert vinteren 2018/19. Vedtaket vart gjort med 14 av 27 røyster. Mindretalet på 13 ynskte å innfri heile den omsøkte garantien på 2,5 mill kr.

Nye maskiner til kommunalteknisk avdeling
Kommunestyret vedtok å løyve 710.000 kroner til innkjøp av ny hjullastar og hengar for maskin- og massetransport til kommunalteknisk avdeling. Innkjøpet blir gjort for å gjere den kommunale drifta meir effektiv og driftssikker, mellom anna for snørydding og anna arbeid i eigen kommunal regi.

Tilskot til Måløy Marine Ressurssenter
Eid kommunestyre vedtok å løyve 500.000 kroner til realisering av Måløy Marine Ressurssenter (MMR). MMR er eit samarbeid mellom marine bedrifter i Ytre Nordfjord, Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet (NMBU) og Måløy vidaregåande skule. MMR skal bli eit forskingsinstitutt som skal legge grunnlag for framtidas marine næringsliv i Sogn og Fjordane.

Dersom MMR lukkast med planane som er lagde, vil dette etter kommunestyret i Eid sitt syn bli særs viktig for vekst og utvikling i heile regionen. Sjølv om MMR ligg i ein annan kommune, vil institusjonen ligge i eit felles bu- og arbeidsmarknadsområde i Nordfjord, og vere med å gjere også Eid og framtidige Stad kommune meir attraktiv til å bu og drive næring.

Underskotsgaranti for Elskhug og eksis
Kommunestyret vedtok å gje ein underskotsgaranti på 25.000 kroner til utandørsspelet Elskhug og Eksis, som blir framført på Plassen (Malakoff) siste helga i juni og fortel om Eid si militærhistorie. Eid kommune har også tidlegare gjett ein slik underskotsgaranti. Eit mindretal på ni ønskte å innfri heile det omsøkte beløpet på 50.000 kroner.

Samarbeidsavtale Stad Vekst
Næringslivet i Eid og Selje (nye Stad kommune) har gått saman om å danne næringslivsselskapet Stad Vekst AS, for å fremje næringslivet sine interesser i nye Stad kommune. Det er no teikna ein samarbeidsavtale mellom Stad Vekst og Eid og Selje kommunar, for å legge til rette for eit nært samarbeid i nye Stad kommune frå 2020. Det blir også i samband med dette utbetalt eit samla tilskot på ca kr 300.000 til Stad Vekst AS.

Kommunevåpen for Stad kommune
Eid kommunestyre vedtok samrøystes at nye Stad kommune skal ha kommunevåpen med St Sunniva og Fjordhesten som motiv, i ei utforming laga av designbyrået Byrr på Nordfjordeid. Valet av kommunevåpen har vore ute på ei nett-avrøysting med stor oppslutnad, der over 80% ønskte dette motivet. Selje kommunestyre har saka oppe til handsaming 15. mai. Dersom Selje gjer same vedtak, blir våpenet med St Sunniva og Fjordhesten fastsett som kommunevåpen for Stad kommune.

Godkjenning av årsrekneskap og årsmeldingar
Kommunestyret godkjente årsrekneskap og årsmeldingar for Eid kommune, Eid Industrihus KF og Eid Fjordvarme KF for rekneskapsåret 2018. Alle rekneskapa er gjort opp i balanse. Eid kommune har hatt eit samla mindreforbruk på den kommunale tenesteytinga på 2,7 mill NOK og også fått positivt resultat på ei rekkje andre postar, men det vart oppvegd av sviktande avkasting på eksternt plasserte midlar i finansmarknaden.


Nordfjordeid, 9. mai 2019


Alfred Bjørlo, ordførar i Eid


 

 

 

 

 

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering